Egmont Publishing

Juleroser frå Herborg Kråkevik

17.11.2015 10:03 | Egmont Publishing

Del

Herborg Kråkevik er redaktør for det nye juleheftet Juleroser. Med på laget som bidragsytarar har ho fått nokre av våre fremste forfattarar og biletkunstnarar mellom anna Herbjørg Wassmo, Karl Ove Knausgård, Jon Fosse, Vigdis Hjort, Agnes Ravatn, Odd Nordstoga og Ørnulf Opdahl.

Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Kråkevik vaks sjølv opp med dette heftet. No gler Kråkevik seg til å vidareføra denne tradisjonen til nye lesarar.

Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las verka nye og vedkommande, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi.

Juleroser kjem ut for første gong i år, og er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont Publishing. Det er eit påkosta hefte der nokre av billedkunstbidraga kan nappas ut. Heftet skal distribuerast saman med Egmonts øvrige julehefter over heile landet frå slutten av november. Det er trykt 40 000 hefter av Juleroser

Eg håper at Juleroser kan gi jul i hjarta, slik dei gjorde det for meg , og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, seier Kråkevik.

Herborg Kråkevik (f.1973) er ein av våre mest folkekjære artistar, og ein engasjert kulturformidlar. Ho har alltid vore oppteken av å fornye og aktualisere gamle tradisjonar, om det no er den franske kabaretforma;Herborgs verdenEg og EdithKjære landsmenn, eller songane våre; Kråkeviks songbok. No er det dei litterære julehefta ho vil vekkje til livet.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Lenker

Om Egmont Publishing

Egmont Publishing
Egmont Publishing
Nydalsveien 12
0441 Oslo

+47 22 77 20 00http://www.egmontpublishing.no

Egmont Publishing er Norges største utgiver av blader, magasiner, tegneserier og digitale tjenester til voksne, barn og unge. Selskapet har også investeringer i e-handel og digitalbyråer, og utgir over hundre kjente merkevarer. Egmont Publishing er en del av Egmont - et av Nordens største mediekonsern med 6200 ansatte og aktivitet i 30 land. Egmont står bak mer enn 700 magasiner, tegneserier, Klikk.no, TV 2, Nordisk Film og kinodrift. Egmont er en stiftelse som omsetter for 14,5 milliarder NOK og deler årlig ut over 120 millioner kroner til et bedre liv for barn og unge.

Følg saker fra Egmont Publishing

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Egmont Publishing på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Egmont Publishing

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom