Samferdselsdepartementet

Invitasjon til bruk av auka løyvingar til kollektivtransport

Del

Statlege bidrag til kollektivsatsing er mangedobla dei siste tre åra. 2017 blir nok eit år med kraftfull satsing, No inviterer Samferdselsdepartementet åtte av dei største byane til å søke om ekstra pengar til tiltak. - Vi vil bidra til at folk flest får eit godt alternativ til privatbil i dei største byområda. Gjennom positive verkemiddel kan vi både gi folk ein betre reisekvardag og redusere køar og miljøbelastninga, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

For 2017 er det løyvd 425 millionar kroner ekstra til Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk, som eit resultat av budsjettforliket hausten 2016. No inviterer Samferdselsdepartementet åtte byområde til å kome med forslag til korleis ein kan nytte pengane.

- Regjeringa og stortingsfleirtalet legg til rette for at trafikkauka i byane kan tas ved hjelp av kollektivtransport, sykkel og gonge. Gode kollektivløysingar for dei store byane er difor avgjerande for å nå dette målet. Med 425 millionar kroner i auka løyvingar til Belønningsordninga etter budsjettforliket, sørger vi for framleis sterk satsing på feltet, seiersamferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Dei åtte byområda som kan søke er Oslo/Akershus, Bergen, Nord-Jæren, Kristiansand, Buskerudbyen, Nedre Glomma, Grenland og Tromsø. Trondheim har allereie ein bymiljøavtale med belønningsmiddel inkludert, og er tildelt 41 millionar kroner ekstra i budsjettforliket.

Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk skal stimulere til betre framkome, miljø og helse i storbyområda. Belønningsmidla vil på sikt bli ein del av bymiljø-/byvekstavtalar med desse ni byområda.

- Pengane skal nyttast lokalt, derfor er det viktig at byområda sjølv søker. Dei veit best korleis kvar krone kan nyttast på ein måte som bidreg til nullvekst i personbiltrafikken, seier Solvik-Olsen.

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Jernbanereformen: Konkurransen om Trafikkpakke 1 Sør: Bedre togtilbud på Sørlands-, Jær- og Arendalsbanen12.10.2017 13:53Pressemelding

- Regjeringen har en offensiv satsing på jernbanen, med mål om et stadig bedre tilbud til de reisende. Konkurranse om driften av persontogtilbudene er en viktig del av regjeringens jernbanereform. Dette vil kunne bidra til et bedre togtilbud og sikrer at staten kjøper togtjenester til riktig pris. I dag har Jernbanedirektoratet sendt ut konkurransegrunnlaget for Trafikkpakke 1 Sør, som omfatter togtilbudene på Sørlandet. Vi er opptatt av å høste erfaringer og lære underveis, og derfor skal konkurransene om de øvrige persontogtilbudene lyses ut suksessivt de kommende årene, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom