InterCity-utbygginga på Vestfoldbanen i rute
- Utbygginga av Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker gjer oss eit samanhengande dobbeltspor mellom Oslo og Tønsberg. Dette vil gi eit vesentleg betre InterCity-tilbod på Vestfoldbanen, med reduserte reisetider og auka kapasitet. Togpassasjerane kan sjå fram til ein betre reisekvardag, med eit topp moderne jernbaneanlegg om fem-seks år, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Utbygginga av delstrekningane Nykirke-Barkåker og Drammen-Kobbervikdalen skal etter planen stå ferdige i høvesvis 2024 og 2025. Då blir reisetida mellom Oslo og Tønsberg redusert til under ein time for tog som stoppar på alle stsjonar, medan toga på ekspressavgangar kan bruke enda kortare tid. Ferdigstilling av desse prosjekta gir òg eit betre tilbod for reisande som bur eller arbeider mellom Tønsberg og Skien, og som tar toget til og frå hovudstadsområdet.
Drammen-Kobbervikdalen - høgare kostnadsramme enn i NTP
Regjeringa foreslår ei kostnadsramme på drygt 14,6 milliardar kroner for prosjektet Drammen-Kobbervikdalen. Dette er om lag 1,85 milliardar kroner høgare enn kostnadsanslaget i Nasjonal transportplan 2018-2029. Det er fleire grunnar til kostnadsauken, mellom anna krevjande grunntilhøve og auka kompleksitet i anleggsteknisk gjennomføring for kulvert/lausmassetunnel.
Det er i utgangspunktet lagt opp til å byggje ut strekninga med eit mellombels signalanlegg. Bane NOR ser på moglegheita for å byggje ut strekninga med signalsystemet ERTMS med ein gong. Dette gjer at prosjektet Drammen-Kobbervikdalen kan bli rimelegare enn det som no vert foreslått som kostnadsramme. ERTMS er eit felleseuropeisk signalsystem som fram til midten av 2030-talet gradvis skal erstatte dagens signalsystem på heile det norske jernbanenettet.
Nykirke-Barkåker – lågare kostnadsramme enn i NTP
Regjeringa foreslår ei kostnadsramme på nær 7,6 milliardar kroner for prosjektet Nykirke-Barkåker. Dette er om lag 1 milliard kroner lågare enn kostnadsanslaget i Nasjonal transportplan 2018-2029. Grunnen er at Bane NOR i planlegginga av prosjektet etter framlegginga av NTP i 2017 har identifisert tiltak som reduserer byggjekostnadene.
For fleire opplysningar – sjå:
- Prop. 110 S (2018-2019) Nokre saker om veg, jernbane og post
- Bane NORs prosjektsider om Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Fem forskningsprosjekter får penger fra Samferdselsdepartementet17.4.2024 12:10:41 CEST | Pressemelding
Av-ising av nullutslippfly og datadrevet salting av vei er to av teknologiprosjektene som nå får penger fra Samferdselsdepartementet. Det er Forskningsrådet som har utpekt de fem prosjektene, som får 40 millioner kroner.
Regjeringen med penger til Bodø og Ålesund16.4.2024 11:11:48 CEST | Pressemelding
– Regjeringen har satt av i 31 millioner kroner til mindre byer utenfor ordningen med byvekstavtaler. Dette er et løft for at Bodø og Ålesund skal bli grønnere byer med bedre fremkommelighet, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2: Eit steg nærare ny tunnel5.4.2024 12:00:16 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus.
Rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane: Eit viktig steg nærare realisering av tunnel i skredutsett område5.4.2024 11:59:27 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane.
Regjeringa legg fram proposisjon om delvis bompengefinansiering22.3.2024 14:04:38 CET | Pressemelding
- Denne bypakka skal realisere ny Risøy bru, fleire veg- og gateprosjekt, ei rekke gang- og sykkelvegar, saman med både tiltak for betre kollektivtilbod og trafikksikring. Vi legg opp til at minst halvparten av pengane i pakka skal gå til gonge, sykkel og kollektiv, som er i tråd med regjeringa sitt ønske om attraktive og klimavennlege byar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom