Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Strindelva kraftverk

Del
NVE avslår søknaden frå Nordvest Energi AS om løyve til å byggje Strindelva kraftverk i Snåsa kommune, i Trøndelag. Dette fordi ei utbygging vil ha negative verknader for reindrift og landskap.

NVE har lagt stor vekt på dei negative konsekvensane tiltaket vil få for reindrifta i form av tapte vår- og vinterbeiteområde i nokre av dei mest urørte områda for reindrifta. Området er svært skrint og med lite lausmasser. Ein røyrtrasé ieit slik terreng med minimalt overdekke kan føre til at rein i eit varig perspektiv lettare vil trekke ned til veg og jernbane. NVE meiner at dei planlagde inngrepa med tilhøyrande negative konsekvensar for landskap i denne saka ikkje i tilstrekkeleg grad kan avbøtast.

Strindelva kraftverk ville hatt ein produksjon på 13,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 670 husstandar.

Les meir her

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 901 98 216
Saksbehandlar Dag Kjellevold, tlf. 917 59 965

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye