Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Kinsedal og Kveken kraftverk

22.12.2016 08:00 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE gjev ikkje Norsk Vannkraft AS løyve til å bygge Kinsedal kraftverk og Kveken kraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane, grunna store negative konsekvensar for biologisk mangfald.

Kinsedal kraftverk var planlagt med ein forventa årleg produksjon på 15,45 GWh, og Kveken kraftverk med årleg produksjon på 16,5 GWh.

Grunngjevinga for avslaget er at kraftverka vil røre ved meir enn fire kilometer av en samanhengande bekkekløft vurdert som svært viktig, fosse-eng vurdert som viktig og fleire rødlisteartar. NVE kan ikkje sjå at det finnes realistiske avbøtande tiltak som reduserer ulempene for desse naturtypane og vasstilknytta rødlisteartar i tilstrekkeleg grad. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fremma motsegn til prosjekta grunna konflikt med nasjonale naturverdiar.

NVE meiner dei negative verknadene er større enn nytten av tiltaka, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Kinsedal kraftverk og Kveken kraftverk.

Les meir om Kinsedal kraftverk

Les meir om Kveken kraftverk

Kontakpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Erlend Støle Hansen, tlf. 22 95 98 26

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom