Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Drangsåna kraftverk

Del

NVE gjev ikkje Clemens Kraft AS løyve til å bygge Drangsåna kraftverk i Farsund kommune i Vest-Agder. Avslaget er i hovudsak grunngjeve med omsyn til landskap, friluftsliv og naturmangfald.

NVE legg til grunn at Drangsåna og omliggjande landskap utgjer eit lett tilgjengeleg og mykje nytta tur- og rekreasjonsområde med store opplevingskvalitetar for allmenta.

Etter NVE si vurdering vil fråføring av vesentlege delar av vassføringa i Drangsåna medføre store ulemper for landskap og friluftsliv. Ei eventuell utbygging vil òg ha betydelege negative konsekvensar for to bekkekløfter av B-verdi (viktig). NVE registrerer at alle høyringsparter som tek stilling til utbyggingsspørsmålet, rår frå ei utbygging.


Drangsåna kraftverk var planlagt med ei forventa årleg produksjon på 4,8 GWh, tilsvarande den årlege straumbruken til om lag 240 husstandar. NVE meiner dei negative verknadane er større enn dei positive effektane av auka kraftproduksjon, og at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser.


Les meir om Drangsåna kraftverk.


Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216
Sakshandsamar Tord Solvang, tlf. 22 95 92 48

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom