Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Bremangerlandet vindkraftverk

2.12.2015 08:00 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE avslår søknad om løyve for Bremangerlandet vindkraftverk i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane fylke. Dei samla visuelle verknadane av vindkraftverka med løyve i området, er tillagt avgjerande vekt for avslaget.

Etter NVE si vurdering, er ikkje tiltaket samfunnsmessig rasjonelt sett i samanheng med dei andre vindkraftprosjekta i regionen, sjølv om Bremangerlandet vindkraftverk er eit svært godt vindkraftprosjekt når det gjeld forventa produksjon og tekniske forhold.

Dei største negative verknadene frå Bremangerlandet vindkraftverk åleine, er etter NVE si vurdering dei visuelle verknadene. Desse verknadene frå vindkraftverket åleine, er ikkje så store at dei ville ha ført til eit avslag.

Søknad frå SFE Nett om nettilknyting av vindkraftverket mot Rugsundøy blir samstundes avslått.

NVE konstaterer at Bremanger kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune er positive til tiltaket. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fremma motsegn i saka, og Miljødirektoratet rår frå å gje konsesjon.  

Les meir om saka.

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby: 416 78 203
Sakshandsamar Sissel Jakobsen: 22 95 90 98

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom