Fiskebåt

Hywind: - No må det bli slutt på «festtalane»

Del

Fiskar og styremedlem i Fiskebåt, Helge Olav Vikshåland frå Karmøy, er lei av fine ord frå Equinor. Det gjeld ikkje berre Hywind-prosjektet, men også fleire andre saker. - Dei snakkar om dialog, men i ser gang på gang at dei ikkje tar omsyn til fiskeriinteressene og høyrer ikkje på våre forslag, seier Vikshåland.

Fiskeriinteressene må ofte vike for oljenæringa.(Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)
Fiskeriinteressene må ofte vike for oljenæringa.(Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)

Prestisjeprosjektet Hywind med 11 vindturbinar skal sikre at oljeinstallasjonane Gullfaks og Snorre kan drivast med fornybar elektrisk energi. Prosjektet har ei kostnadsramme på fem milliarder kroner og skal føre til ein reduksjon i klimagassutsleppa frå sokkelen med 200.000 tonn i året.

Ikkje motstandar

- Eg er på ingen måte i mot at oljeinstallasjonane på norsk sokkel blir meir klimavennlege, og er heller ikkje i mot at vi som fiskarar må dele på noko av plassen med andre næringsinteresser. Men då må det skje i lag med fiskeriinteressene, og ikkje slik at utbyggar einsidig konkluderer med at det ikkje vil få negative konsekvensar for fiskeria. Spesielt i tilfelle der både Fiskeridirektoratet og fiskeriorganisasjonane har stikk motsett oppfatning av oljenæringa, seier Vikshåland.

Helge Olav Vikshåland (Foto: Fiskebåt).

Konstruktive innspel

Hywind-prosjektet på Tampen er ikkje eineståande i så måte, og Vikshåland viser til fleire tilfelle der fiskerinæringa har kome med konstruktive innspel som ikkje er tatt omsyn til.

- Det blir stadig løfta fram at det er viktig med dialog og dei etterlyser våre synspunkt. Mitt inntrykk er likevel at dei ikkje høyrer på våre innspel i desse sakene. I Hywind-prosjektet har vi kome med konkrete forslag til alternativ plassering av vindturbinane, som i langt mindre grad vil øydelegge for fiskeinteresser, men dette er ikkje tatt omsyn til. Også i andre saker har vi kome med konstruktive innspel, utan at det er tatt omsyn til det. Vi opplever difor at det ikkje er noko særleg dialog om desse prosjekta, seier Viksåhaland.

Høyring

Fiskebåt i lag med Fiskarlaget har sendt eit høyringsvsar til Equinor, der mange av dei same synspunkta kjem til uttrykk.

Så langt har likevel ikkje argumenta nådd fram, og Equinor har heller lagt vekt på eigne interesser, som omsyn til framtidig seismikkskyting og anna infrastruktur som allereie ligg på botnen.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fiskeriinteressene må ofte vike for oljenæringa.(Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)
Fiskeriinteressene må ofte vike for oljenæringa.(Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)
Last ned bilde

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg saker fra Fiskebåt

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom