NRK

Høyr alt frå OL på NRK Sport

Del
På radiokanalen NRK Sport blir det OL-sendingar døgnet rundt.
OL i Pyeongchang: Tap på målstreken eller total utklassing?  Andreas Toft, Carina Olset og Susann Michaelsen er nokre av NRK-profilane som held deg oppdatert døgnet rundt på NRK Sport. (Foto: Ole Kaland)

Kjente stemmer som Carina Olset, Susann Michaelsen, Andreas Toft og ikkje minst kommentatorar som Jann Post og Andreas Stabrun Smith gir norske radiolyttarar alt frå dei olympiske vinterleikane i Pyeongchang.

Dramatiske sluttspurtar, store sigrar eller bitre tap – på NRK Sport vil du få med deg alle hendingane når dei skjer.
OL-sendingane startar med eit kick off fredag, så tek Susann Michaelsen oss gjennom natta med blant anna curling og snowboard, før Jann Post og Torgeir Bjørn kommenterer 15 km langrenn med skibytte for kvinner frå klokka 08.15 til 09.15.

NRK Sport blir 24-timars kanal

Tidlegare har NRK Sport ofte hatt samsendingar med NRK P1, men frå og med OL, og også etter at OL er over, vil NRK Sport halde fram med å sende eige innhald døgnet rundt.

- NRK Sport er for lengst etablert som kanalen der folk får sport på radio, og no byr kanalen på meir. Frå no av får lyttarane også nyheiter og musikk mellom alt som skjer i idrettsverda, seier fungerande radiosjef Jon Branæs.

Også NRK P1 kjem til å sende høgdepunkt frå OL, men absolutt alt NRK sender frå Pyeongchang vil gå på NRK Sport. Du kan høyre NRK Sport og alle NRKs radiokanalar på DAB+, nett eller via TV-en.

Kontakter

For meir informasjon, kontakt;
Redaksjonssjef NRK Sporten: Janne Fredriksen (94810763)
Fungerande sjef NRK P1: Bjørn Tore Grøtte (99231162)

Bilder

OL i Pyeongchang: Tap på målstreken eller total utklassing?  Andreas Toft, Carina Olset og Susann Michaelsen er nokre av NRK-profilane som held deg oppdatert døgnet rundt på NRK Sport. (Foto: Ole Kaland)
OL i Pyeongchang: Tap på målstreken eller total utklassing? Andreas Toft, Carina Olset og Susann Michaelsen er nokre av NRK-profilane som held deg oppdatert døgnet rundt på NRK Sport. (Foto: Ole Kaland)
Last ned bilde

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

Følg pressemeldinger fra NRK

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye