Egmont Publishing

H.M. Dronning Sonja, Anne B. Ragde, Kim Leine m.fl. med i Herborg Kråkeviks Juleroser 2016

Del

I fjor vart Juleroser, med Herborg Kråkevik som redaktør, ein stor suksess. I år er juleheftet tilbake og vert lansert 21.11 med et opplag på 70 000. Utgjevinga er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont, og er til sals over heile landet.

Juleroser 2015 med Herborg Kråkevik som redaktør vart ein stor suksess. I år er juleheftet tilbake og vert lansert 21.11. Juleroser vart det nest mest selde juleheftet på landsbasis, og i år er opplaget 70 000. Utgjevinga er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont, og er til sals over heile landet.

Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Fjorårets Juleroser var det første i sitt slag sidan 1944. Også i årets juleroser ønskjer vi å gi lesarane store kunstopplevingar. Juleroser 2016 har bidrag frå H.M. Dronning Sonja, Anne B. Ragde, Kim Leine, Vetle Lid Larssen, Helge Torvund, Kolbein Falkeid, Sverre Malling, Håkon Gullvåg, Marianne Heske, Theodor Kittelsen med fleire.

For redaktør Kråkevik er Juleroser noko som har vore med henne heile livet:

-Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las verka nye og vedkommande, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper at Juleroser vil gje lesarane jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, for både lesrarar i dag og dei som kjem etter.

Tysdag 22.11. og onsdag 23.11. kan du oppleve fleire av bidragsytarane frå heftet på lanseringasarrangement på Litteraturhusa i Oslo og Bergen. Billettar for sal no.

For avtale om intervju med Herborg Kråkevik, ta kontakt med  informasjonssjef Karin Helgøy i Samlaget – K.Helgoy@samlaget.no, mob: 97019865

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Om Egmont Publishing

Egmont Publishing
Egmont Publishing
Nydalsveien 12
0441 Oslo

+47 22 77 20 00http://www.egmontpublishing.no

Egmont Publishing er Norges største utgiver av blader, magasiner, tegneserier og digitale tjenester til voksne, barn og unge. Selskapet har også investeringer i e-handel og digitalbyråer, og utgir over hundre kjente merkevarer. Egmont Publishing er en del av Egmont - et av Nordens største mediekonsern med 6200 ansatte og aktivitet i 30 land. Egmont står bak mer enn 700 magasiner, tegneserier, Klikk.no, TV 2, Nordisk Film og kinodrift. Egmont er en stiftelse som omsetter for 14,5 milliarder NOK og deler årlig ut over 120 millioner kroner til et bedre liv for barn og unge.

Følg saker fra Egmont Publishing

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Egmont Publishing på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Egmont Publishing

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom