Story House Egmont

Herborg Kråkevik klar med Juleroser og Barnas Juleroser

Del
Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I sitt fjerde år er heftet ute i eit rekordstort opplag på 100 000. I år introduserer Kråkevik også Barnas Juleroser.

Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I sitt fjerde år er heftet ute i eit rekordstort opplag på 100 000. I år introduserer Kråkevik også Barnas Juleroser. Utgjevingane er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont, og er til sals over heile landet frå 19.11.

Juleroser og Barnas Juleroser er litterære julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Kråkevik vil gi lesarane store kunstopplevingar til jul.Årets to hefterhar bidrag frå Vigdis Hjorth, Linda Eide, Håvard Vikhagen, Frode Grytten, Thorvald Steen, Maria Parr, Lisa Aisato, Bobbie Peers og mange andre. Hefta er rikt illustrerte med bidrag frå dei beste biletkunstnarane.

Juleroservar namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Heftet vart relansert i 2015. For Kråkevik erJulerosernoko som har vore med henne heile livet:

-Juleroserlåg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las, verka nye og relevante, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, atJuleroser og Barnas Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet.

Mandag 19.11. og tysdag 20.11. kan du oppleve fleire av bidragsytarane på lanseringasarrangement på Litteraturhusa i Oslo og Bergen. Billettar for sal no.

For avtale om intervju med Herborg Kråkevik eller bidragsytarar,ta kontakt med informasjonssjef Karin Helgøy i Samlaget: Mobil: 97 01 98 65 karin.helgoy@samlaget.no

Kontakter

Bilder

Om Story House Egmont

Story House Egmont
Story House Egmont
Nydalsveien 12
0441 Oslo

+47 22 77 20 00http://www.egmont.no

Egmont Publishing er en del av Egmont - et av Nordens største mediekonsern med 6200 ansatte og aktivitet i 30 land. Egmont er en stiftelse som omsetter for 14,5 milliarder NOK og deler årlig ut over 100 millioner kroner til et bedre liv for barn og unge. Fondet jobber overordnet i Norge og Danmark for å sikre at barn og unge kan stå imot vår tids fattigdom – mangel på læring og livsmestring.

I Norge støtter Egmont Fonden blant andre Norske Kvinners Sanitetsforening, Senter for krisepsykologi, Kronprinsparets Fond, SOS Barnebyer, opprettelsen av Stine Sofie Senteret og Forandringsfabrikken.

Følg pressemeldinger fra Story House Egmont

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Story House Egmont på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Story House Egmont

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye