Medietilsynet

Halvparten av oss les avisa på mobilen

Del
Smarttelefonen er blitt viktigare i folks mediekvardag enn papiraviser, nettbrett og PC. Det viser dei nyaste lesartala frå Kantar, presentert av Mediebedriftenes Landsforening (MBL).
Totalt ser og les over 60 prosent av befolkninga over 12 år innhald frå media på nett. Det viser tal frå Mediebedriftenes Landsforbund lagt fram 28. mars 2019. Foto Medietilsynet
Totalt ser og les over 60 prosent av befolkninga over 12 år innhald frå media på nett. Det viser tal frå Mediebedriftenes Landsforbund lagt fram 28. mars 2019. Foto Medietilsynet

Totalt ser og les over 60 prosent av befolkninga over 12 år innhald frå media på nett. Mediehusa har framleis ei høg og stabil dekning på 78 prosent på landsbasis, godt hjelpt av auken på mobil. Papiravisene blir stadig mindre lesne. Totalt les 40 prosent av befolkninga papiraviser, noko som er ein nedgang på 9,6 prosent frå 2017 til 2018.

VG størst på nett - Aftenposten størst i opplag

VG er klart størst på nett med over to millionar daglege brukarar. På plassane bak følgjer NRK, Dagbladet og TV 2 som alle har over ein million daglege brukarar.

Aftenposten er Noregs største mediehus med eit samla opplag på nesten 260 000. Dette inkluderer laussal, papir og nettutgåve. På andre plass kjem VG med 238 000, der VG+ utgjer 167 000 av opplaget. Dagbladet kjem på tredje plass med eit opplag på litt 86 000, medan Bergens Tidende kaprar fjerdeplassen med over 83 000 i opplag.

VG+ er opplagsvinnar med ein opplagsauke på 15 278, etterfølgt av Adresseavisen som aukar med 2 674 i opplag. Nettavisen aukar med 2 433 i opplag.

Riksavisene aukar mest i opplag

Sjølv om det er opplagsvekst i alle aviskategoriar, er det dei riksspreidde nyheitsavisene som går mest fram etterfølgt av storbyavisene.

Det reine digitalopplaget aukar med 14 prosent til nesten 806 000, mens det reine papiropplaget går ned med seks prosent. Papirutgåvene inngår framleis i 65 prosent av det totale opplaget.

Totalopplaget er no på 2,27 millionar (netto opplag) og går fram med 2,2 prosent for aviser tilslutta MBL og Landslaget for lokalaviser (LLA) frå første til andre halvår i 2018. Frå 2018 blir opplagstala rapporterte med nytt regelverk.

Les meir om opplags- og lesarutviklinga her

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Totalt ser og les over 60 prosent av befolkninga over 12 år innhald frå media på nett. Det viser tal frå Mediebedriftenes Landsforbund lagt fram 28. mars 2019. Foto Medietilsynet
Totalt ser og les over 60 prosent av befolkninga over 12 år innhald frå media på nett. Det viser tal frå Mediebedriftenes Landsforbund lagt fram 28. mars 2019. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye