Halve Noreg har fått smart straummålar
- Smarte straummålarar er ei naudsynt brikke i framtidas kraftsystem. Dei nye målarane gjev straumkundane betre oversyn over eigen straumbruk, og legg til rette for såkalla forbrukarfleksiblitet. Med meir uregulerbar strømproduksjon, som til dømes vindkraft, og med meir effektkrevjande utstyr i heimane våre, er det viktig at vi brukar straumen smart. Det gjer at vi halde nettkostnadene så låge som muleg, seier han. seier Ove Flataker, avdelingsdirektør i NVE
Om lag 1,6 millionar smarte målarar var installert ved utgangen av 2017. Dette svarar til over 50 prosent av alle målepunkta. Berre 1,6 prosent av dei planlagde installasjonane er ikkje blitt gjennomført.
Opplysningane NVE har henta inn frå nettselskapa, syner og at nettselskapa følgjer utrullingsplanane sine. Dei fleste nettselskapa har god tru på at alle skal ha smart målar før fristen 1. januar 2019.
Strenge krav til sikkerheit
I tillegg til status og planar for installasjon av nye målarar, har NVE i den nye statusrapporten også henta inn informasjon om bruk av bryte- og strupefunksjonen i dei nye straummålarane, handtering av personvern og datasikkerheit, samt i kva grad AMS er integrert med driftskontrollsystem.
- IKT-sikkerheit og personvern er kritiske områder som krev særleg oppfølging. Vi oppdaterer difor gjeldande forskrifter og gjer tilsyn hos nettselskapa. Nettselskapa tek IKT-sikkerheit på alvor, og vi følgjer opp at dei gjennomfører naudsynte tiltak for å sikre straummålarane, understrekar Flataker.
Bryte- og strupefunksjonen gjer at nettselskap kan fjernstyre og avgrense straumuttaket i særlege tilfelle, til dømes når krafttilgangen blir redusert som følgje av ekstremvær. I slike tilfelle gjer strupefunksjonen det muleg å fordele «litt» straum på mange, der alternativet er å kutte straumen heilt for enkelte kundar.
Brytefunksjonen gjer at nettselskapa ikkje treng å reise ut til straumkunden å stengje straumen, til dømes når dei skal avslutte ein nettavtale.
Svært liten stråling frå smarte målarar
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har målt stråling og sendeaktivitet frå smarte straummålarar. Målingane viser at strålinga er langt under ein tusendel av grenseverdiane for stråling frå radiosendarar.
Målingane viser og at det er svært liten variasjon i strålinga frå dei ulike målarane, sjølv om sendemønsteret er ulikt.
Målingane underbyggjer det Statens strålevern har sagt om stråling frå smarte straummålarar:
- Strålinga frå dei nye smarte straummålarane er så svak at det ikkje er helsefarleg å få installert ein slik heime.
- Det spelar ingen rolle kor mange gonger i døgnet straummålaren din sender data til nettselskapet, strålinga er uansett svak.
- Alle teknologiane i straummålarane gjev svak stråling.
Helsedirektoratet: - Ikkje unngå smarte målarar
Personer som meiner at stråling frå AMS-målarane fører med seg ulemper for helsa, kan få fritak frå kravet om installasjon av smart målar viss lege eller psykolog attesterer utsegna. Hittil har rundt 0,15% av nettkundane vist ein slik attest til nettselskapet sitt.
Helsedirektoratet har i eit svar til kommuneoverlegen i Sirdal understreka at det ikkje er vitskapeleg grunnlag for å påstå at stråling frå smarte målarar kan gje helseskade. Dei konkluderer med at helsevesenet og andre bør oppmuntre til å redusere såkalla unngåingsåtferd. Folk som er redde for helseulempe frå smarte målarar, bør altså oppmuntrast til å ikkje unngå smarte målarar.
Helsedirektoratet visar og til fagleg gjennomgang utførd av Folkehelseinstitutt og anbefalingar frå Statens strålevern, og konkluderer med at det ikkje er fagleg grunnlag å utstede attester om helseskade som følgje av elektromagnetisk stråling frå automatiske straummålarar. Viss legar eller psykologar likevel finn grunn til å attestere fråsegn om helseulempe, vil desse attestane fortsatt gje fritak frå kravet om installasjon av smart målar i eigen bustad.
Kart over utrulling av smarte målarar.
Kontaktperson:
Seksjonssjef Guro Grøtterud, tlf 45 63 26 77
NVEs pressetelefon: tlf 489 97 667
Lenker
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Nå blir det enklere for flere å følge med på utviklingen av strømnettet19.4.2024 14:15:04 CEST | Pressemelding
Nå kan kommuner, næringsliv og andre interesserte følge med på utviklingen av strømnettet. Nylig ble det obligatorisk for nettselskapene å legge ut alle fremtidige og pågående utbyggingsplaner på PlanNett.
Rolig start på snøsmeltingen i Sør-Norge19.4.2024 13:35:32 CEST | Pressemelding
Snøsmeltingen har startet så smått og det er mer vann enn normalt i vassdragene i Sør-Norge. NVE oppfordrer alle til å forebygge flomskader, ved abonnere på flomvarsler og å rense sluk, grøfter og rør frie for is, kvist og løv.
NVE gir konsesjon til nye Krossberg transformatorstasjon i Stavanger9.4.2024 16:07:48 CEST | Pressemelding
Statnett SF og Lnett AS får konsesjon til å bygge og drive nye Krossberg transformatorstasjon i Stavanger kommune. Samtidig har de fått lov til å rive deler av Stølaheia transformatorstasjon.
NVE gir Statnett tillatelse til å bygge ny koblingsstasjon i Vestby22.3.2024 16:07:33 CET | Pressemelding
Statnett har fått konsesjon til å bygge nye Langerud koblingsstasjon i Vestby kommune. NVE har samtidig gitt tillatelse til å forsterke kaia ved Nesset for å kunne ta imot transport som kommer sjøveien.
Betydelige snøskredfare på Vestlandet21.3.2024 15:20:05 CET | Pressemelding
Snøskredfaren varierer i Nord- og Sør-Norge. Det er betydelig skredfare på Vestlandet på fredag og det vil være fare for naturlig utløste skred. I Nord-Norge går det mot lav skredfare i starten av påsken. Vi anbefaler alle å lese varslet på varsom.no og gjøre egne vurderinger av den lokale snøskredfaren.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom