Samferdselsdepartementet

Grensekontrollar er ikkje nok mot farlege vogntog

Del
– Det skal være trygt å ferdast langs norske vinterveger. Difor er det nødvendig med tungbilkontrollar både på grensa og på vegane inne i landet. To storkontrollar i vinter, ein på grensa ved Ørje og ein ved fjellovergangen ved Lærdal, viste at kontrollar ved fjellovergangane er minst like viktige som kontrollar ved grensa, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Statsministeren og samferdselsministeren på storkontroll ved Ørje 26. februar. Foto: Samferdselsdepartementet
Statsministeren og samferdselsministeren på storkontroll ved Ørje 26. februar. Foto: Samferdselsdepartementet

God og effektiv kontroll av tunge køyretøy som trafikkerer vegane våre er svært viktig. Særleg av omsyn til trafikktryggleiken, men også for å sikre konkurranse på like vilkår i transportbransjen og god framkome på vegnettet.

– I lys av dei ulykkene vi har hatt i vinter med vogntog, har mange teke til orde for at vi må stoppe alle tunge køyretøy på grensa. Erfaringane viser no at eit slikt tiltak ikkje nødvendigvis er det det som vil gi oss det beste resultatet, seier Dale.

Fleire fekk bruksforbod i Lærdal enn ved Ørje

Vegvesenet gjennomførte i februar to storkontrollar kor alle vogntog blei stoppa – ein på grenseovergangen ved Ørje, og ein i Lærdal. Det blei stoppa om lag 900 køyretøy begge stadar. Grensekontrollen ved Ørje avdekka at 39 prosent av vogntogene hadde manglar, mens 22 prosent fekk bruksforbod. I Lærdal vart resultatet 52 prosent med manglar, medan 40 prosent fekk bruksforbod. Om lag 93 prosent av køyretøya som passerer ved Ørje er utanlandske, mens det i Lærdal gjeld om lag halvparten.

– Dette viser at kontrollar andre stader i landet er langt nyttigare enn storkontrollar ved grensa, og ein meir fornuftig bruk av ressursane. Dei to kontrollane sett opp mot kvarandre viste også at massiv innsats på grensa, slik vi har gjennomført også i Nord-Noreg, ikkje nødvendigvis gir dei resultata vi ønsker. Ulykkene og fastkøyringane skjer ikkje på grensa, men på vegane inne i landet. Ved grensa vert bilane kontrollert for det føret som er ved kontrollpunktet. Føreforholda her seier lite om kva sjåføren vil møte på vegen dei neste døgna, seier Dale.

Same vogntog stoppa to stadar med same feil

Kontrollen i Lærdal også gav eit oppsiktsvekkande funn. Eit vogntog som blei stoppa på Ørje og pålagt å skifte dekk på næraste verkstad før vidare køyring på snø og is, blei dagen etter stoppa også i Lærdal med same feil. Køyretøyet fekk då bruksforbod og sjåføren måtte skifte dekk på staden.

– Dette viser at behovet for aktiv kontroll inne i landet og eit godt samarbeid mellom dei ulike kontrollplassane er avgjerande i kampen mot dei useriøse aktørane i transportbransjen, seier Dale.

Mest effektivt med målretta kontrollar

Samtidig er det viktig å sjå på korleis kontrollane blir gjennomført. Med nær 80 grenseovergangar inn til Noreg, samt fleire ferjeanløp, er det fleire tusen vogntog som kommer inn til landet kvar dag. Berre ved Svinesund passerar mellom 1500 og 2500 tunge køyretøy dagleg. Det gjer det svært ressurskrevjande å skulle stoppe alle vogntog som kommer inn til landet. Kvar kontroll tar alt frå 10 minuttar til ein heil dag, avhengig av type feil og manglar.

– Vi så under storkontrollen ved Ørje at det fort danna seg ein lang kø av vogntog langs vegen, noko som ga trafikale problem. Det er ikkje er mogleg å stoppe alle tunge køyretøy som kommer inn til landet, og det er langt meir nyttig med målretta kontrollar. Da stoppar vi dei som mest sannsynleg har manglar, medan dei andre kan køyre vidare. Vi ønsker å stanse dei som bryt regelverket, og ikkje forsinke unødig dei som har alt i orden, seier Dale.

Bilder

Statsministeren og samferdselsministeren på storkontroll ved Ørje 26. februar. Foto: Samferdselsdepartementet
Statsministeren og samferdselsministeren på storkontroll ved Ørje 26. februar. Foto: Samferdselsdepartementet
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye