Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Granvin har fått betre tryggleik mot flaum

Del
NVE har bygd flaum- og erosjonssikring for å betre tryggleiken i Granvin. Tysdag 5. juni vart sikringsanlegget overlevert til Granvin herad.
Anleggskoordinator Øystein Menes (f.v), direktør for skred og vassdrag Anne Britt Leifseth og ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum signerte overtakingsprotokollen i dag.
Anleggskoordinator Øystein Menes (f.v), direktør for skred og vassdrag Anne Britt Leifseth og ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum signerte overtakingsprotokollen i dag.

- Sikringa har kosta totalt 21,8 millionar kroner. Anlegget er laga for å betre tryggleiken for busetnad, skule, barnehage, sosiale institusjonar og næringsbygg, fortel skred- og vassdragsdirektør i NVE, Anne Britt Leifseth.

To kilometer av elvekanten i Granvin sentrum er sikra med flaum- og erosjonssikring. For å unngå at Granvinselva blir fylt opp med store mengder stien og grus har NVE bygd masseoppsamlingsbasseng i den masseførande sideelva Hyrpo. Massebassenget har eit maksimalt oppsamlingsvolum på om lag 4000 kubikkmeter. Det tilsvarar om lag 400 lastebillass med stein og grus.

- I flaumsituasjonar kan Hyrpo føre med seg mykje lausmassar ned i Granvinselva. Nede i Granvin sentrum flatar terrenget og elva ut. Der blir massane liggjande på elvebotnen. På kort tid kan elvebotnen byggje seg opp, og elva fløyme over. Massebassenget skal forhindre at dette skjer igjen, fortel Leifseth.

Overleveringa vart markert med synfaring. Etterpå vart overtakingsprotokollen signert av direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, Anne Britt Leifseth, ordførar i Granvin herad, Ingebjørg Winjum og NVE sin regionsjef, Brigt Samdal.

- Granvin herad er eigar av anlegget og vil føre tilsyn og vedlikehald. Dei har mellom anna ansvar for å kontrollere og tømme massebassenget. Dette bør gjerast før kvar haust og etter større flaumhendingar, seier Leifseth.

Betre for både folk og fisk

Granvinselva er lakseførande og ei viktig sjøaureelv. Ein viktig del av arbeidet var å legge til rette for gode oppvekst- og levekår for fisk. Mellom anna er massebassenget utforma med tanke på at fisk kan passere vidare opp elva, og det er lagt ut gytegrus ved utløpsterskelen.

Biologisk fagkompetanse har vore med under planlegging og utføring av sikringstiltaket. For å betre fisken sine levekår har vi lagt ut steingrupper, laga kulpar og lagt ut gytegrus. Vi har også restaurert eit bekkeløp ved Granvin barne- og ungdomsskule fortel Leifseth.

- Granvin herad har engasjert landskapsarkitekt for utforming av det tidlegare stasjonsområdet som i si tid var endestogg for Hardangerbanen. I lag med Granvin herad er elva gjort tilgjengeleg for innbyggarane. Mellom anna er det lagt til rette for vandring langs elva. Anlegget opnar opp områda langs elva med tursti og trapper ned til elvekanten, fortel Leifseth.

Godt samarbeid mellom Granvin herad og NVE har gitt auka verdiskaping og tilrettelagt for vidareutvikling av Granvin sentrum.

- Dei tekniske løysingane tek vare på sikringsaspektet samstundes som ein tek omsyn til miljøverdiane i og langs vassdraget og kommunale behov og prioriteringar, seier Leifseth.

Arbeidet med flaumsikringa er utført av NVE si anleggseining med innleigd underentreprenør. Totalt blei det utført oppdrag med lokale kontraktar for om lag seks millionar kroner.

I samsvar med utarbeidd sikringsplan skulle NVE starte opp arbeidet med sikring av Granvin sentrum då flaumen kom i 2014. Det vart difor sett i gang nødvendige krisetiltak etter flaumhendinga, og dei planlagde sikringstiltaka vart vidareført som eit hastetiltak etter flaumhendinga.

 

Fakta vestlandsflaumen oktober 2014

  • NVE fekk innmeldt over 100 meldingar frå kring 50 kommunar – behov for mogleg bistand til sikringstiltak. Det meste handterer kommunane sjølve, også ein del naturskade.
  • NVE kostnadsberekna behov for tilleggsbevilling til sikring på kr 216 mill.
  • Regjeringa innvilga kr. 216 mill.
  • Totalt 58 tiltak i 19 kommunar i 3 fylker vart utført/bygd etter flaumen.
  • Ved eit eventuelt besøk 5. juni 2018 vil ein kunne treffe/besøke folk som er ramma av flaumen og få deira historie knytt til hendinga og sikringsarbeidet i etterkant.

For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Dronefilm med tekstplakatar opp langs vassdragetVideokanal

Kontakter

Brigt Samdal, regionsjef NVE region vest mobil: 907 48 238


NVE sin pressetelefon: 489 97 667

Bilder

Anleggskoordinator Øystein Menes (f.v), direktør for skred og vassdrag Anne Britt Leifseth og ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum signerte overtakingsprotokollen i dag.
Anleggskoordinator Øystein Menes (f.v), direktør for skred og vassdrag Anne Britt Leifseth og ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum signerte overtakingsprotokollen i dag.
Last ned bilde
Leifseth (f.v.), rådmann Trude Hoflandsdal Letnes, sjefsingeniør Brigt Olav Samdal og Winjum ved massedeponiet i sideelva Hypro.
Leifseth (f.v.), rådmann Trude Hoflandsdal Letnes, sjefsingeniør Brigt Olav Samdal og Winjum ved massedeponiet i sideelva Hypro.
Last ned bilde
Ordførar Winjum (t.v.) og Anne Britt Leifseth etter overrekkinga av det nye flaumsikringsanlegget til Granvin herad.
Ordførar Winjum (t.v.) og Anne Britt Leifseth etter overrekkinga av det nye flaumsikringsanlegget til Granvin herad.
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye