Medietilsynet

Godt nytt for mediemangfaldet – Amedia selt til norsk stiftelse

29.2.2016 11:40 | Medietilsynet

Del

I forrige veke fekk vi ei gledeleg nyheit når det gjeld mediemangfald. Amedia er eit viktig mediekonsern med rundt 70 større og mindre lokalaviser over store delar av landet. Spekulasjonar har gått om andre norske mediekonsern skulle gå inn og kjøpe heile eller delar av konsernet. I staden har ein norsk stiftelse kjøpt det.

Sparebankstiftelsen DNB skal bruke overskottet sitt til samfunnsnyttige formål innan blant anna kultur, og skipar ein ny stiftelse som skal eige Amedia. Dei store eigarane Telenor og Landsorganisasjonen i Norge går dermed heilt ut frå eigarsida.

Har det noko å seie kven som eig dei redaksjonelle media? Eigarskap er berre ein av faktorane når ein ser på mediemangfaldet i eit samfunn, men eigarskap er viktig for kva media tek opp, kva dei ikkje tek opp og korleis dei tek det opp.  Og korleis dei redaksjonelle media prioriterer og framstiller saker, har mykje å seie for at demokratiet skal fungere godt. Det er grunnen til at vi her i landet på 90-talet fekk reglar om eigarskap og at det nå er eit stort engasjement i EU og Europarådet om blant anna openheit om medieeigarskap.

Det ligg ein proposisjon i Stortinget om at medieeigarskapslova skal opphevast. I staden skal norske myndigheiter kunne stanse oppkjøp av medieverksemder berre etter konkurranselova, men Konkurransetilsynet skal da også vurdere oppkjøpet med tanke på mediemangfald. Konkurransetilsynet skal i denne vurderinga samarbeide med Medietilsynet, som er og framleis vil vere ekspertorganet på mediemangfald.

Ved sida av dette ligg det eit framlegg om ei eiga lov om openheit om eigarskap i media. Medietilsynet skal etter dette framlegget arbeide for større merksemd og kunnskap om eigarforholda i norske medium og syte for at informasjonen blir gjord tilgjengeleg for folk. Nå har Medietilsynet eit oversyn over mediekonsern på nettstaden. Tidlegare hadde ein Medieregisteret, som etter kvart var overmoden for oppgradering. Ei sentral oppgåve framover blir å gi norske mediebrukarar lett tilgjengeleg informasjon og god kompetanse om eigarskap og kva det har å seie for mediemangfaldet.  

Inntil vidare gjeld medieeigarskapslova slik ho er etter lovendringa i 2011. Det er stor semje om at denne lova slik ho er nå, ikkje er den beste reiskapen for å sikre mediemangfald. Men dersom heile eller delar av Amedia-konsernet hadde blitt selt til eit konsern eller andre eigarar som driv aviser i landet vårt, måtte Medietilsynet vurdert oppkjøpet. Det kunne ha blitt ei sak med fleire vanskelege spørsmål, ikkje minst i lys av at Stortinget på forsommaren etter alt å dømme vil behandle framlegget om å oppheve heile lova.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet arbeider med veiledning av barn og unge i bruk av digitale medier, aldersgrenser for kinofilm, støtteordninger, behandler søknader om pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg saker fra Medietilsynet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom