Forsvarsbygg

Godkjenner frådeling av verna våningshus

Del

Fylkesmannen gjev dispensasjon for frådeling av verna våningshus i raud støysone på Ørland.

Vinterlandskap på Ørland.
Vinterlandskap på Ørland.

I samband med oppdraget om å vidareutvikla Ørland flystasjon skal Forsvarsbygg tilby innløysing av alle bustadar innan raud støysone. Total 176 bustader får tilbod om frivillig innløysing og av desse er 33 grunneigarar med våningshus og eventuelt kårbustad på gardsbruk.

Frådeling av verna våningshus
I forhandlingane som har vore i gang for landbrukseigedomar på Ørland har «frådeling» vore eit tema for diskusjon. I «frådeling» ligg at Forsvarsbygg må eiga grunnen som bustaden står på for å oppnå tilstrekkeleg råderett over bygningen og dermed kunne oppfylla reguleringsplanen for Ørland flystasjon. Dette inneber å frådele våningshuset frå resten av eigedomen.

Frådeling gjeld berre verna våningshus og andre bustader, eksempelvis kårbustader.

Klaga på vedtak om avslag på frådeling
Ørland kommune som planstyresmakt handsamar søknad om frådeling i kvar enkelt sak. Etter første runde av forhandlingar med grunneigarar på gardsbruk sende vi våren 2018 første søknad om dispensasjon for frådeling til kommunen.

30. august vedtok kommunen å avslå søknaden til Forsvarsbygg. Forsvarsbygg valde å klaga på dette vedtaket til Fylkesmannen.

Innvilgar dispensasjonssøknaden
Fylkesmannen har no handsama klaga og Fylkesmannen har vedteke å gjere om vedtaket til kommunen. Fylkesmannen innvilgar dispensasjonssøknaden på vilkår. Vilkåret er at våningshuset ikkje kan nyttast til bustadsføremål og/eller bebuast.

Positivt med ei avgjerd
- Det er godt at vi no har fått ei avgjerd i saka. Dei som er råka har venta lengje og for dei som har avgjort å selja er avgjerda eit viktig skritt på vegen. Vi håpar på ein god dialog med kommunen i det vidare arbeidet, seier eigedomssjef i Forsvarsbygg kampflybase, Carl Oscar Pedersen.

Kontakter

Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no

Bilder

Vinterlandskap på Ørland.
Vinterlandskap på Ørland.
Last ned bilde

Lenker

Om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Grev Wedels plass 5
0151 Oslo

815 70 400http://www.forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.

Følg saker fra Forsvarsbygg

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Forsvarsbygg

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom