KS

Fylkeskommunane held fram med å revidere vannforvaltningsplanar

Del
Fylkeskommunane er i gang med å revidere vannforvaltingsplanar trass i at det ikkje er avklart om dei får behalde denne oppgåva ut gjeldande planperiode.

- Det er godt å sjå at fylkeskommunane tek ansvar i denne situasjonen. Vi forventar at det blir endeleg avklart at fylkeskommunane framleis skal ha ansvar for vannforvaltingsplanane når Stortinget behandlar regionreforma i haust, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.

Gjennom vannforvaltingsplanane vurderer kommunane forholdet mellom vekst, vern og ulike sektoromsyn på heilskapleg vis. Stortinget bad i eit vedtak 13. juni om at regjeringa «stiller sine planlagde endringar i vannforvaltninga/vannforskriften i bero» slik at dette kan sjåast i samanheng med samla sak om oppgåver til dei nye fylkeskommunane. I eit brev til dei 10 fylkeskommunale vannregionmyndigheitene ber Klima- og miljødepartementet (KLD) no om at vannregionmyndigheitene følgjer opp sitt ansvar etter gjeldande vannforskrift og plan- og bygningslova.

Framleis mange spørsmål
Brevet frå KLD seier ikkje at departementet legg opp til at fylkeskommunane skal behalde ansvar for vannforvaltningsplanane ut planperioden, som varar fram til 2021.
Styreleiar i KS, Gunn-Marit Helgesen rosar fylkeskommunane og er trygg på at oppgåva blir verande på det folkevalte regionale nivået.

-Vi meiner forslaget om å flytte denne oppgåva aldri skulle vore fremja. Framlegget var svakt grunngitt, og det har skapt ein lite gunstig situasjon. I lys av ambisjonane for regionreforma høyrer dette arbeidet klart heime hos fylkeskommunane. Brevet frå KLD reiser nye spørsmål når det som trengst er klare rammer for arbeidet. Det er såleis tilfredsstillande å sjå korleis fylkeskommunane tek ansvar i dagens situasjon, seier Helgesen.

Nytt møte med KLD
KS og vannregionmyndigheitene skal diskutere saka i eit møte med statssekretær i KLD, Atle Hamar, 4. september.

- Vi reknar med å få opplyst om kva type endringar i roller og ansvar som er aktuelle på dette møtet, og vi vil peike på dei behova for ansvarsklargjeringar som vi ser, seier Helgesen.

Fylkeskommunane er i gang
Buskerud fylkeskommune er i dag vannregionmyndigheit for vannregion Vest-Viken og er alt i gang med å førebu rulleringa av regional vannforvaltingsplan. Det skjer i nært samarbeid med andre fylkeskommunar og med fylkesmennene. Klima- og miljødepartementet har i sitt brev til fylkeskommunane understreka behov for å samordne vannregioninndelinga med dei nye regionane, i lys av den pågåande regionreforma. Buskerud er alt i dialog med Østfold fylkeskommune, som er vannregionmyndigheit for vannregion Glomma, og med den nye Vestfold og Telemark fylkeskommune, om ei eventuell ny vannregioninndeling.

Hanne Lisa Matt er leiar i vannregion Vest-Viken på vegne av Buskerud fylkeskommune. Ho er glad for at fylkeskommunane ser ut til å få vidareført sitt ansvar for vannforvalting.

- Vannforvaltningsplanane gjer oss i stand til å vege og vurdere forholdet mellom vekst, vern og ulike sektoromsyn på heilskapleg vis, seier Hanne Lisa Matt. Matt vil særleg løfte fram kommunane si nøkkelrolle i dette arbeidet, som arealmyndigheit og lokal samfunnsutviklar. Vatnet som ressurs for kommunane gir viktige perspektiv til dette arbeidet. Difor har Vest-Viken ei sterk kommunal forankring av vannforvaltinga. «Nedenfrå og opp-» perspektivet har vore ein suksessfaktor i vannregionen, forklarar Matt.


Buskerud fylkeskommune vil vere klar med høyring av forslag til planprogram og hovudutfordringar for vannforvaltinga innan fristen 1. april 2019.

Kontakter

Bilder

Om KS

KS
KS
Postboks 1378 Vika
0114 Oslo

24 13 26 01http://www.ks.no

Følg pressemeldinger fra KS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra KS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra KS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye