Samferdselsdepartementet

Fusk på førarprøva skal gi inntil 1 års karantene

Del
– Å sørge for betre trafikktryggleik er ein av regjeringas viktigaste oppgåver. Difor må vi hindre at førare som ikkje er kvalifiserte slepp ut i trafikken. No foreslår vi at kandidatar som fuskar til førarprøva skal kunne få inntil 1 års karantenetid før dei kan gå opp til ny prøve. Ei lengre karantenetid for dei som fuskar enn for dei som strykar vil både opplevast som rettferdig, i tillegg til å ha ein avskrekkande effekt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Regjeringa la i dag fram eit lovforslag for Stortinget om endringar i fleire føresegnar i vegtrafikklova.

Mellom anna blir det foreslått at kandidatar som fuskar til førarprøva kan få inntil 1 års karantenetid før ein kan gå opp til ny prøve. I dag får dei som fuskar same karantenetid som dei som stryker, altså berre to eller fire veker før dei kan ta ny prøve. Det har dei seinare åra vore ei auke i talet på fusk til førarprøva. Tiltak som kan bidra til å redusera omfanget av fusk er viktig for å hindre at ukvalifiserte førare slepp ut i trafikken. Slike førare er ein fare i trafikken for seg sjølv og andre.

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye