Innovasjon Norge

Fruktbare bedrifter kjempar om gjev pris

15.12.2016 06:30 | Innovasjon Norge

Del

I år er det Ciderhuset frå Sogn og Fjordane, Dyre Gård frå Østfold og J Kristiansen Gartneri AS frå Aust-Agder som kjempar om den gjeve tittelen Bedriftsutviklingsprisen i landbruket.

- Som alltid er det knallhard konkurranse om prisen, og det er bra. Det viser at det gror godt blant ulike gründerverksemder og gardsrelaterte næringar i heile landet. Sjølv om det er ei vanskeleg oppgåve å peike ut ein vinnar, så er det likevel ei takksam oppgåve å skulle velje mellom så gode og flotte kandidatar, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge.

Prisen vert delt ut av divisjonsdirektør Inger Solberg i Innovasjon Norge og landbruks- og matminister Jon Georg Dale under landbruks- og matmessa Internationale Grüne Woche i Berlin 19. januar.

Bygdenes og landbrukets ressursar
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare bygdeutviklingsprisen) har vorte utdelt kvart år sidan 1997. Fylkesvinnarane har kvar motteke 50.000 kroner, og vinnaren av den nasjonale prisen vil i tillegg reise heim frå Berlin 250.000 kroner rikare.

- Med bedriftsutviklingsprisen i landbruket ynskjer vi å synleggjere og heidre bedrifter eller personar som driv næringsverksemd med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Kandidatane vert vurdert etter økonomisk berekraft, sosial berekraft, miljømessig berekraft og innovasjon/nyskaping, fortel Krohn Traaseth.

Dei tre finalistane er:

Ciderhuset
Ciderhuset ligg med nydeleg utsikt over Balestrand og Sognefjorden og driv drikkevareproduksjon og restaurant. Åge Eitungjerde og Eli-Grete Høyvik har vore pionerar for utviklinga på fruktdrikkeområdet gjennom så vel kontinuerleg og innovativ produkt- og designutvikling som rammevilkår, og skal ha sin del av æra for endringa i alkohollova som gjer at småskala produsentar no kan selje meir av produkta sine direkte til forbrukar.

 Ciderhuset er den einaste norske produsenten som dyrkar fram eigne cidereple til bruk i produksjonen av drikkevarer. Ciderhuset tilbyr eit breidt produktspekter med fleire økologiske variantar av både cider, fruktvin og fruktbrennevin. To av produkta er med i finalen i Det Norske Måltid i 2017.

 Produksjonen av drikkevarer er no overført Balholm, medan Ciderhuset skal reindyrke eigen profil som utstillingsvindauga for Balholmprodukta, gardsbutikk, restaurant, opplevingsattraksjon og Ecomuseum-bedrift med formidling av kultur.

Restauranten, som vert driven av neste generasjon Gard Eitungjerde Høyvik og kona Tuba Atdic, har vore flagga som «Top Choice» i Lonley Planet.  På Trip Advisor har den dei siste 5 åra vore blant topp 3 i Noreg og den beste på Vestlandet. Bygning, miljø, konsept og meny er inspirert frå fruktområda i Sør-Europa og Middelhavet, menyen er basert på lokale råvarer.

Ciderhuset samarbeider tett med reiselivet i området som Kviknes Hotel og Kunstbygda Balestrand.

Kontaktperson:
Eli-Grete Høyvik
Mobil: 908 35 673
E-post: post@ciderhuset.no
www.ciderhuset.no


Dyre Gård 

Dyre Gård i Rygge med Anne-Lene og Hans Olav Bjerketvedt er nykommarane som rakst og sikkert etablerte seg i Noregs toppen.

Dei første epletrea vart planta i 2011, og alt etter 5-6 år er dei den største økologiske epleprodusenten i Noreg med 35 000 tre. Dessutan har dei etablert solid eigen merkevare! Og ikkje minst – ein skal leite lenge for å finne ein meir velstelt eigedom. Her rår kvalitet i alle ledd.

Dei er innovative på produktutvikling og har ei unik evne til å dele og samarbeide med andre, til dømes gjennom samarbeid om produktutvikling med andre produsentar om innblanding av andre frukter og grønsaker. Hovudprodukta er eplejuice med fruktkjøt, som eit sunt og godt alternativ har dei også lansert tørka økologisk eplesnacks, det populære eplemos syltetøy og i 2017 kjem eigen gards-cider og eplesirup på marknaden.

Dyre Gård vann 1. premie for eplemost i Det Norske Måltid i 2015 og 1 premie for Noregs beste blandingsmost, og har Matmerks Spesiali­tets­merke for fleire produkt.

I beste bioøkonomiske tankegang vert det lagt stor vekt på full ressursutnytting. Deler av botnfallet frå produksjonen av most vert nytta i sorbetis. Resten går til dyrefor, og kjem tilbake til Dyre Gård som næringsrik gjødsel.

Kontaktperson:
Hans Olav Bjerketvedt
Mobil: 900 91 472
E-post: hob@dyregaard.no
www.dyregaard.no


J Kristiansen Gartneri AS

Johan Fredrik Bråstad Kristiansen frå Grimstad er som eigar av eit av landets fremste blomstergartneri nærast å rekne for ein institusjon innan gartnarnæringa.

Både gjennom eige gartneri og selskapet G3 Ungplanter der Kristiansen er ein av tre produsentar, spelar Kristiansen ei viktig rolle for å sikre og vidareutvikle norsk blomsterproduksjon, og det på eit område med sterk utanlandsk konkurranse. Gjennom omfattande nasjonalt og internasjonalt nettverk, samarbeid og utviklingsarbeid med andre produsentar og FoU-miljø har ein fått fram plantemateriale med kvalitetseigenskapar som gjev norsk produksjon fortrinn og preferansar i marknaden.

Produksjonen vert driven klima- og  miljøvennleg med produksjonsanlegg med moderne isolering, varmepumper og avanserte styringssystem for gjenvinning av både varme, vatn og gjødsel, og med sortsval og integrert plantevern som sikrar minimal bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Siste skot på stamma er at Kristiansen saman med ein tilsett i gartneriet har etablert selskapet Algaeomega AS og starta prøveproduksjon av mikroalgar. Selskapet og prøveproduksjonen er vurdert  av Horizon 2020, forskings- og innovasjonsprogrammet til EU, og godkjent for vidare prosjekt med «Seal of Excellence».

Kontaktperson:
Johan Kristiansen
Mobil: 909 85 086
E-post: Johan@kristiansengartneri.no

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Last ned bilde
Johan Fredrik Bråstad Kristiansen frå Grimstad er, som eigar av eit av landets fremste blomstergartneri, nærast å rekne for ein institusjon innan gartnarnæringa. Foto: Privat
Johan Fredrik Bråstad Kristiansen frå Grimstad er, som eigar av eit av landets fremste blomstergartneri, nærast å rekne for ein institusjon innan gartnarnæringa. Foto: Privat
Last ned bilde
Dyre Gård i Rygge med Anne-Lene og Hans Olav Bjerketvedt er nykommarane som raskt og sikkert etablerte seg i noregstoppen. Foto: Privat
Dyre Gård i Rygge med Anne-Lene og Hans Olav Bjerketvedt er nykommarane som raskt og sikkert etablerte seg i noregstoppen. Foto: Privat
Last ned bilde
Ciderhuset ligg med nydeleg utsikt over Balestrand og Sognefjorden og driv drikkevareproduksjon og restaurant. Foto: Privat
Ciderhuset ligg med nydeleg utsikt over Balestrand og Sognefjorden og driv drikkevareproduksjon og restaurant. Foto: Privat
Last ned bilde
Åge Eitungjerde og Eli-Grete Høyvik har vore pionerar for utviklinga på fruktdrikkeområdet gjennom så vel kontinuerleg og innovativ produkt- og designutvikling som rammevilkår. Foto: Privat
Åge Eitungjerde og Eli-Grete Høyvik har vore pionerar for utviklinga på fruktdrikkeområdet gjennom så vel kontinuerleg og innovativ produkt- og designutvikling som rammevilkår. Foto: Privat
Last ned bilde

Lenker

Om Innovasjon Norge

Innovasjon Norge
Innovasjon Norge
Akersgata 13
0158 OSLO

22 00 25 00http://www.innovasjonnorge.no

Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, utvikling i distriktene og utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter. Innovasjon Norge profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål.

Følg saker fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom