Forsvarsbygg

Forsvarsbygg inngår rammeavtale knytt til nye ubåtar

Del

Forsvarsbygg gjennomfører eit forprosjekt knytt til eigedom, bygg og anlegg for Noregs nye ubåtar. Til saman vert det planlagt investeringar for nærmare 2,5 milliardar kroner på Haakonsvern. No er det inngått rammeavtale med arkitekt- og rådgjevargruppe.

Forsvarsbygg har inngått avtale med Multiconsult. Til høyre adm. dir. i Multiconsult Christian Nørgaard Madsen og direktør i Forsvarsbygg Thorbjørn Thoresen. Foto: Annichen Røed Piene/ Forsvarsbygg
Forsvarsbygg har inngått avtale med Multiconsult. Til høyre adm. dir. i Multiconsult Christian Nørgaard Madsen og direktør i Forsvarsbygg Thorbjørn Thoresen. Foto: Annichen Røed Piene/ Forsvarsbygg

Kontrakten er tildelt Multiconsult AS.
– Vi har inngått den første avtala knytt til bygg og infrastruktur for nye ubåtar på Sjøforsvaret si hovudbase på Haakonsvern, seier direktør Thorbjørn Thoresen i Forsvarsbygg.


Sjøforsvaret si største investering nokon gong
Prosjektet for nye ubåtar har ei kostnadsramme på 42,2 milliardar 2018-kronar og er Forsvaret si største investering etter nye kampfly.

– Forsvarsbygg skal planlegge for gjenbruk og oppgradering av ubåtrelatert infrastruktur på Haakonsvern, i tillegg til prosjektering av ny fasilitet for vedlikehald av dei nye ubåtane. Sjøforsvaret si hovudbase på Haakonsvern skal kunna ta imot og kunne halde ved like dei nye ubåtane når dei vert sett i teneste frå 2026 og utover, seier prosjektsjef Ole Jonny Eriksen i Forsvarsbygg.

2,5 milliardar kroner
Byggeprosjekta på Haakonsvern vil totalt vere i storleiksorden 2,5 milliardar kroner, og det er ei rammeavtale for prosjektering av dette som no er inngått. Forprosjektet vil vera gjenstand for ekstern kvalitetssikring før dette vert fremja for politisk vedtak, etter planen i 2019 .

Fakta:

  • Forsvarsbygg skal planlegge infrastrukturen der opplæring, vedlikehald og drift av ubåtane skal skje.
  • Tiltak innanfor eigedom, bygg og anlegg som knytt til nye ubåtar, er estimert til 2,5 milliardar kroner.
  • Oppdraget er inndelt i tre forprosjekt, kor det første er starta opp.
  • Tidsplanen vil innebera utsending av første entreprise i 2. halvår 2020.
  • Kjøpet av ubåtane er del av eit strategisk samarbeid med Tyskland, som skal skaffa identiske ubåtar
  • Ubåtane skal produserast i Kiel i Tyskland
  • Første ubåt er planlagt sett i teneste i Noreg i 2026
  • Prosjektet bidreg til å sikra Noregs maritime interesser, eigne grenser og dessutan NATO si maritime flanke i nord.
  • Dei nye ubåtane skal erstatte dagens Ula-klasse

Kontakter

Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no

Bilder

Forsvarsbygg har inngått avtale med Multiconsult. Til høyre adm. dir. i Multiconsult Christian Nørgaard Madsen og direktør i Forsvarsbygg Thorbjørn Thoresen. Foto: Annichen Røed Piene/ Forsvarsbygg
Forsvarsbygg har inngått avtale med Multiconsult. Til høyre adm. dir. i Multiconsult Christian Nørgaard Madsen og direktør i Forsvarsbygg Thorbjørn Thoresen. Foto: Annichen Røed Piene/ Forsvarsbygg
Last ned bilde
Foto: Thyssenkrupp Marine Systems
Foto: Thyssenkrupp Marine Systems
Last ned bilde

Lenker

Om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
PB 405 Sentrum
0103 Oslo

815 70 400http://www.forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.