Samferdselsdepartementet

Fornying av førarkort for tungbil skal bli enklare

Del

– Regjeringa vil skape ein enklare kvardag for folk flest og fjerne unødvendige forbod og påbod. I dag er det krav om ny praktisk prøve dersom førarkort for lastebil og buss ikkje er fornya innan eitt år etter at det er gått ut. Det opplever mange som veldig strengt. Desse reglane kan vi forenkle, og ein helseattest bør vere tilstrekkeleg for å få fornya førerkortet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Vegdirektoratet sender no på høyring eit forslag til endring i førarkortforskrifta om å oppheve kravet til praktisk førarprøve der førarkort for lastebil og buss (alle C- og D-klassar) er gått ut på dato for meir enn eitt år sidan. Etter forslaget vil helseattest vere tilstrekkeleg for å få fornya førarkort.

– Sjølv om ein ikkje har fornya førarkortet sitt innan fristen, betyr ikkje det at ein ikkje lenger veit korleis ein skal køyre buss eller lastebil. Derfor ønsker vi å oppheve kravet om ny praktisk prøve. Det vil spare både sjåførane og vegmyndighetane for tid og ressursar, seier Solvik-Olsen.

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Presseinvitasjon: Samferdselsministeren tar kontoret ut #påsporet på Nordlandsbanen (24. og 25. januar)22.1.2018 15:31Pressemelding

- Å sjå transportkvardagen i praksis gir utvida perspektiv. Gjennom mange reiser på infrastrukturen vår har eg hausta gode innspel som gir grunnlag for gode politiske prioriteringar. No står Nordlandsbanen for tur. Eg ser fram til å flytte kontoret ut på sporet for å oppleve og få innspel om korleis vi kan utvikle denne strekninga på ein best mogleg måte, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa legg til rette for etablering av fleire fiberkablar til utlandet12.1.2018 10:49Pressemelding

- Digitale tenester blir stadig viktigare i arbeidslivet og på fritida. Ein sikker og robust infrastruktur er ein føresetnad for å oppretthalde og utvikle gode digitale tenester. Fiberkablar til utlandet er ein viktig del av den digitale infrastrukturen til Noreg. Stortinget vedtok før jul budsjettforlaget frå regjeringa om å etablere fleire fiberkablar mellom Noreg og utlandet. No skal Nkom gå i gang med realiseringa av dette tiltaket. I tillegg til auka kapasitet og tryggleik i ekomnetta, vil fleire fiberkablar opne opp for meir databasert næringsutvikling, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Evaluering av tilbud om drift av kystruten starter 12. januar11.1.2018 13:00Pressemelding

- Fristen for å levere tilbud i konkurransen om ny avtale på kystruten Bergen-Kirkenes løper ut fredag 12. januar kl. 12. Kystruten er en viktig transportåre for kystsamfunnene og vi har vært opptatt av å legge opp til en konkurranse som sikrer et kontinuerlig og godt transporttilbud. Samferdselsdepartementet har underveis i tilbudsfasen fått mange spørsmål til konkurransegrunnlaget, hvilket vi håper er et uttrykk for reell interesse fra flere aktører. Det kan tyde på at det blir en spennende konkurranse. Vi går nå inn i en krevende fase med å evaluere tilbud og vil arbeide for å forhandle frem en god løsning for den videre driften av tjenesten, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom