Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om ny leidning frå Hornindal til Stranda og fire småkraftverk i Stranda

22.1.2016 10:15 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE arrangerer offentleg folkemøte om ny leidning frå Hornindal kommune i Sogn og Fjordane til Stranda kommune i Møre og Romsdal, og fire småkraftverk i Stranda. Møtet finn sted på Sunnylven samfunnshus i Hellesylt i Stranda kommune, tysdag 26. januar 2016 kl. 19.00.

NVE har motteke søknad frå Sogn og Fjordane Energi om konsesjon og oreigningsløyve for ein ny 132 kV luftleidning frå Tomasgard transformatorstasjon i Hornindal til Tryggestad/Litlebø i Stranda. NVE har òg motteke søknad om løyve til å byggje fire småkraftverk i Stranda.

På møtet vil søkarane presentere planane for kraftverka og for nettanlegget i kommunane. NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.

I Stranda er kvar av småkraftsøknadane og søknaden for nettanlegget lagt ut til offentleg ettersyn i to eksemplar på rådhuset i Stranda, hjå Sparebanken Møre i Hellesylt og på Hotell Union i Geiranger. I tillegg er søknaden for nettanlegget lagt ut på kommunehuset i Hornindal.

Sakene ligg òg på NVE sine nettsider, og vil ligge ute fram til høyringsfristen går ut 5. april 2016.

Les meir:

Kraftleidning Tomasgard - Tryggestad

Hauge kraftverk

Røyrhus kraftverk

Storfossen minikraftverk

Langedalselva kraftverk

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt              tlf. 22 95 93 89 (småkraft)

Overingeniør Brit T. Haugen              tlf. 22 95 90 89 (småkraft)

Førstekonsulent Lars Hagvaag Seim   tlf. 22 95 98 74 (nett)

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom