Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte og høyring om ny kraftleidning mellom Kjønnagard og Myrkdalen

Del

NVE arrangerer offentleg møte om planane for ein ny kraftleidning frå Kjønnagard til Myrkdalen i Voss kommune. Møtet finn stad på Myrkdalen Hotel onsdag 30. november kl. 19.00.

NVE har motteke konsesjonssøknad frå Voss Energi for ein 132 kV kraftleidning frå Kjønnagard til Myrkdalen i Voss kommune, Hordaland. Søknaden er på høyring no.

Dokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå administrasjonen i Voss kommune.

I samband med høyringa held NVE offentleg møte som er ope for alle.

Tid: Onsdag 30. november kl. 19.00.

Sted: Myrkdalen Hotel

Voss Energi grunngjev søknaden om lyve til å byggje ny kraftleinding med auka straumbehov, blant anna til Myrkdalen skisenter og Voss fjellandsby, og at det er naudsynt å oppretthalde ein stabil og trygg straumforsyning.

Kraftleidningen som planleggast er om lag 11–12 km lang, avhengig av alternativ Det er søkt om to alternative trasear i Vinjedalen og på strekninga  Tryningahaugen - Øyestølane/Helgeland.

Frist for å kome med fråsegn er sett til 21. desember 2016.

Dokumenta og nettskjema for innsending av fråsegn er tilgjengelege på NVE sin nettstad.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, telefon 22 95 94 38 / 90 19 30 08

Rådgjevar Simen Sørlie, telefon 22 95 91 91 / 45 05 96 45

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom