Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte og høyring av søknad om å erstatte kraftleidning mellom Breivik og Litlesotra med kabel

21.10.2015 11:49 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE har motteke søknad frå BKK Nett om å rive dagens leidning, og å etablere nytt kabelanlegg mellom Litlesotra transformatorstasjon og Breivik transformatorstasjon i Fjell og Bergen kommunar. Offentleg møt i kultursalen i Fjell kommune måndag 26. oktober kl 19.00.

BKK Nett ønsker å  rive dagens dobbeltkurs kraftleidningen på 132 kV og 300 kV mellom Breivik–Litlesotra, og erstatte den med eit kabelanlegg på om lag 4 km som leggjast i tunnelar, bru, sjø og grøft.


Tiltaket vert grunngjeve med at delar av det nye fastlandssambandet Rv. 555 Sotra–Bergen er planlagd i same trasé som kraftleidningen.


Søknaden er på høyring no. I samband med høyringa vil NVE halde offentleg møte i kultursalen i Fjell kommune måndag 26. oktober kl 19.00.


Dokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå Fjell og Bergen kommunar. Søknaden og nettskjema for innsending av fråsegn er tilgjengeleg på NVE sine nettsider  


Frist for å kome med fråsegn er sett til 23. november 2015.


Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, telefon 22 95 94 38
Førstekonsulent Øistein Løvstad, 22 95 93 67

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom