Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte og høyring av søknad for flytting av kraftleidningane Kambo–Moss

Del

NVE har motteke konsesjonssøknad frå Hafslund Nett for flytting av eksisterande 47 kV-leidningar mot Moss sentrum og utviding av Mosseporten transformatorstasjon i Østfold. I samband med høyringa vil NVE halde offentleg møte. Møtet finn stad på Nøkkeland skole måndag 12. oktober kl. 19.00.

Grunngjevinga for søknaden er at Moss kommune ønskjer å frigjere areal til utvikling av eigedomar i Moss, mellom anna for å byggje svømmehall ved Nøkkeland skole. Hafslund Nett søkjer om å byggje to nye masterekker frå Kambo transformatorsasjon og langs austsida av E6. Den eine kraftleidningen er planlagd å tilknytast Mosseporten transformatorstasjon og den andre til Moss/Nesset transformatorstasjon. Det vert søkt om å rive dei to eksisterande kraftleidningane frå Kambo langs Osloveien til Tigerplassen, og kraftleidningen som i dag går langs austsida av E6 på strekninga der dei to nye kraftleidningane er planlagd.  

Søknaden er på høyring no. Dokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå administrasjonen i Moss kommune.

Dokumenta og nettskjema for innsending av fråsegn er tilgjengelege på NVE sin nettstad.

Frist for å kome med fråsegn er sett til 10. november 2015.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, telefon 22 95 94 38 / 90 19 30 08
Rådgjevar Simen Sørlie, telefon 22 95 91 91 / 45 05 96 45

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom