Utdanningsdirektoratet

Fleire elevar søker helsefag

Del
Helse- og oppvekstfag held fram med å auke når det gjeld søkarar til Vg1 og Vg2 og søkarar til læreplass. Det viser årets søkartal til vidaregåande opplæring.

73 707 elevar søker plass i Vg1 frå hausten 2017. Det er ein liten nedgang frå tidlegare år. Av desse søker 52 prosent eit av dei studieførebuande utdanningsprogramma, mens 48 prosent vel yrkesfag.

- Trass i at det er færre søkarar i årets elevkull, ser vi at stadig fleire søker helsefag. Det kan verke som om elevane har teke innover seg at det er eit stort behov for helsefagarbeidarar dei neste åra, seier Hege Nilssen, direktøren i Utdanningsdirektoratet.

Helse- og oppvekstfag aukar mest

Det er 361 fleire elevar som har søkt seg til helse- og oppvekstfag på Vg1. Dette tilsvarer ein auke på fire prosent. Helse- og oppvekstfag er det yrkesfaglege utdanningsprogrammet med størst auke i søkartal på Vg1, Vg2 og læreplass. 758 fleire elevar har søkt enn i 2016, og det tilsvarer ein auke på tre prosent.

Den største nedgangen av søkarar har Teknikk og industriell produksjon med 924 færre elevar – noko som tilsvarer ein nedgang på seks prosent. Dette er ein nedgang vi har sett dei siste åra.

Fleire søkarar til læreplass

I 2017 er det 19 966 elevar som søker om læreplass. Dette er ein auke på 326 elevar samanlikna med fjoråret. Nesten halvparten av denne auken kjem av at elevar søker om læreplass innanfor helse- og oppvekstfag.

– Noreg kjem til å stå framfor ein mangel på mange fagarbeidarar i tida som kjem, og særleg innan helsesektoren. Difor er vi glade for at mange elevar søker yrkesfag, og særleg at fleire vil ta helsefag. No må vi saman med partane i arbeidslivet og fylka skaffe nok læreplassar, så fleire fullfører fagbrevet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

I det totale søkartalet står søkarar til læreplass for 13 prosent. Denne delen varierer mellom fylka. Oslo har 5,4 prosent søkarar til lærefag, mens Sogn og Fjordane og Nordland har over 12 prosent.

Fleire tal på udir.no

Fleire tal, både nasjonale og fylkesvise, finn du på statistikkportalen.udir.no

Om statistikken

  • Statistikken er ei oversikt over førsteønsket til søkarane per 1. mars 2016.
  • Det er mogleg å søke inntak ved fleire fylke, men i Utdanningsdirektoratets oversikt er kvar søkar knytt til berre eitt fylke. Derfor vil det vere nokre forskjellar mellom våre tal og søkartala frå fylka.

Nøkkelord

Kontakter

Stine GrimsrudKontakt meg om statistikk, elevundersøkelsen, læringsmiljø og mobbing.

Tel:971 94 250sgr@udir.no

Om Utdanningsdirektoratet

Utdanningsdirektoratet
Utdanningsdirektoratet
Postboks 9359 Grønland
0135 Oslo

23 30 12 00http://www.udir.no

Utdanningsdirektoratet skal sikre at den nasjonale utdanningspolitikken iverksettes. Slik får barn, unge og voksne et barnehagetilbud og en opplæring av høy kvalitet. Vi er underlagt Kunnskapsdepartementet og har kontorer i Oslo, Tromsø, Molde og Hamar.

Følg pressemeldinger fra Utdanningsdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Utdanningsdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Utdanningsdirektoratet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye