Hæren

Flaug i gang Cold Response

Del

Onsdag går startskotet for Forsvarets største øving, men allereie tysdag fekk folk i Trøndelag ein liten smakebit på det som ventar i dagane framover.

Fleire tusen soldatar frå 14 land er på plass i Trøndelag for å delta på den norske vinterøvinga Cold Response. Øvingsdelen startar onsdag, og tysdag var militære leiarar frå dei deltakande landa invitert til ein eigen besøksdag.

Blant dei var generalløytnant Ben Hodges, sjef for dei amerikanske hærstyrkane i Europa.

– I dag såg vi ein fantastisk militær demonstrasjon. Dette er eit framifrå døme på Noregs evner, meinar han.

FLYGANDE KJEMPE

Frå ein fregatt ute i Namsenfjorden fekk gjestene på nært hald sjå kjempa i øvinga – eit amerikansk B-52 bombefly som flaug lågt innover fjorden og over Namsos.

Bombeflyet har eit vengespenn på 56 meter og er eitt av tre som det amerikanske luftforsvaret sender til Cold Response. De tre flya deltar som ein del av øvinga for å gi støtte til bakkestyrkane.

GAMAL KJENNING

B-52-deltakinga er avtalt og koordinert med Forsvarsdepartementet og Forsvaret, og flya har tidlegare deltatt på øvingar i Noreg. Norske soldatar har dessutan god erfaring frå samarbeid med desse flya tidlegare, mellom anna frå Afghanistan der flya gav eldstøtte til styrkar på bakken.

Dei amerikanske bombeflya får dessutan selskap av om lag 40 helikopter, 30 jagarfly og 10 andre fly under øvinga. På sjøen deltar 30 ulike fartøy, og på land rundt 1000 kjøretøy.

MØTTE SOLDATAR

Etter overflyginga segla gjestene inn til Namsos der dei fekk helse på soldatar frå ulike avdelingar som deltar i årets Cold Response. Sjef for Forsvarets operative hovudkvarter, generalløytnant Rune Jakobsen er vertskap for øvinga. Han håpar dei allierte styrkane finn øvingsforholda i Noreg så attraktivt at dei vil koma igjen.

– For Noreg er det viktig å trene på mottak av allierte styrkar. Vår tryggleikpolitikk er avhengig av Natostyrkar i forsvaret av Noreg.

Øvingsdelen startar i morgon og held på til onsdag 9. mars.

For å sjå video fra overflyginga, kan du følgje denne lenka: https://forsvaret.no/aktuelt/flaug-i-gang-cold-response

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Last ned bilde
Besøksdag Cold Response. Britiske HMS Sutherland (F81), Polske ORP General T. Kosciuszko (F273) og det norske Kystvaktfartøyet Olav Trygvason P380) under vinter øvelsen Cold Response 2016. Foto: Torbjørn Kjosvold/ Forsvaret
Besøksdag Cold Response. Britiske HMS Sutherland (F81), Polske ORP General T. Kosciuszko (F273) og det norske Kystvaktfartøyet Olav Trygvason P380) under vinter øvelsen Cold Response 2016. Foto: Torbjørn Kjosvold/ Forsvaret
Last ned bilde
Besøksdag øvelse Cold Response 2016. KNM Skudd (P962) under vinterøvelsen Cold Response 2016. Foto: Torbjørn Kjosvold/ Forsvaret
Besøksdag øvelse Cold Response 2016. KNM Skudd (P962) under vinterøvelsen Cold Response 2016. Foto: Torbjørn Kjosvold/ Forsvaret
Last ned bilde

Om Hæren

Hæren
Hæren
Hærstaben, Rusta leir
9325 Bardufoss

+47 03003https://forsvaret.no/hæren

Følg saker fra Hæren

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Hæren på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Hæren

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom