Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriministeren tar kampen mot fiskerikriminalitet til Bali

Del
Internasjonal fiskerikriminalitet og berekraftig fiske er blant temaa fiskeriminister Harald T. Nesvik vil ta opp på den internasjonale havkonferansen Our Ocean neste veke.
Fiskeriminister Harald T. Nesvik. Foto: NFD.
Fiskeriminister Harald T. Nesvik. Foto: NFD.

- Havnæringane er utruleg viktige for norsk økonomi. Kvar dag går fleire hundre tusen nordmenn til ein jobb i desse næringane. Når regjeringa set berekraftig vekst og bevaring av havet på den internasjonale dagsorden, har dette direkte konsekvensar for arbeidsplassar her heime, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Our Ocean blei lansert i 2014 av dåverande utanriksminister i USA, John Kerry. Konferansen har utvikla seg til ein viktig arena for alle som jobbar for havet.

Årets konferanse er på Bali frå måndag 29. oktober til tysdag 30. oktober.

Fiskeriministeren skal halde innlegg om berekraftige fiskerier. Han skal opne eit arrangement om vekst i havnæringane, og delta på ein pressefrukost om plast i havet. I tillegg skal han ha eit møte med Indonesias fiskeriminister Susi Pudjiastuti. Dei to statsrådane skal og vere vertskap for eit arrangement om fiskerikriminalitet.

- Internasjonalt samarbeid er nøkkelen til å handtere utfordringane vi står overfor. Vi har eit nært samarbeid med Indonesia i kampen mot fiskerikriminalitet. Og vi skal jobbe saman for å få større internasjonal oppmerksemd om fiskerikriminalitet og dei alvorlige konsekvensane desse brotsverka har, seier Nesvik.

Styresmakter, organisasjonar og bedrifter frå ei rekke land deltar på konferansen. Noreg stiller i år med to statsrådar. I tillegg til fiskeriministeren, kjem også utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Du kan lese meir om konferansen her.

Kontakter

Bilder

Fiskeriminister Harald T. Nesvik. Foto: NFD.
Fiskeriminister Harald T. Nesvik. Foto: NFD.
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye