Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriministeren får ny politisk rådgivar

Del

Statsministerens kontor har tilsett Britt Dalsbotten (36) frå Førde som ny politisk rådgivar for fiskeriminister Per Sandberg. Ho begynner i jobben mandag 30. oktober 2017.

Britt Dalsbotten
Britt Dalsbotten

Britt Dalsbotten har over 10 års erfaring som finansrådgivar i Sparebanken Vest. Dalsbotten har vakse opp på gard i Sogn og Fjordane, og har ein bachelor i markedsføring frå Handelshøyskolen BI Bergen.

- Fiskeri- og havbruksnæringa er ei svært viktig næring for sysselsetting og verdiskaping i Noreg. Sjømatnæringa leverer i dag sjømat til forbrukarar i meir enn 130 land og verdien av norsk sjømateksport har nådd rekordhøgder. Derfor er det så utruleg spennande og eg ser fram til å få jobbe med Per Sandberg både som fiskeriminister og som nestleiar i FrP, seier Britt Dalsbotten.

I forbindelse med stortingsvalet var Dalsbotten stortingskanditat for Sogn og Fjordane FrP. Ho har tidlegare vore både kommunestyrerepresentant og fylkestingsrepresentant for FrP. I tillegg har ho hatt diverse verv og styremedlemskap i Sogn og Fjordane FrP og FpU, Bremanger FrP og Førde FrP.

Britt Dalsbotten tek over etter Veronica Pedersen Åsheim, som i dag vart utnemnt til statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.

Bilder

Britt Dalsbotten
Britt Dalsbotten
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal i offentlig elektronisk postjournal (OEP)

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom