Fiskebåt

Fiskeflåten går for hybrid

Del
To hybride havgåande fiskebåtar er kontrahert, og ein tredje er på veg. Fiskeflåten er offensive med å ta i bruk ny miljøteknologi.

Nybygget til Atlantic Longline AS i Ålesund blir det første hybride linefartøyet. Fartøyet med ei lengde på 62.80 meter, skal i tillegg kunne fiske med snurrevad, og blir den største som så langt er bygd i si klasse. Ved å ta i bruk batteriteknologi vil reiarlaget spare fleire titals tonn diesel i året. Dette fører til kraftige reduksjon i utslepp av klimagassar.

- Vi er svært opptatt av å få klimagassutsleppa så lave som mogleg. Batteripakken som kjem om bord i Atlantic vil først og fremst avlaste hovudmotoren, slik at den kan gå jamnare og på eit meir gunstig turtall. Til dømes når vi går i ruskete sjø vil dette ha stor innverknad. I tillegg til batteripakken har vi gode system for gjenbruk av varme, og vi har den beste teknologien for å redusere NOx-utsleppa, seier Kjell-Gunnar Hoddevik, skipper og dagleg leiar i Atlantic Longline.

Miljøteknologi
Fleire fiskebåtreiarar satsar på miljøvennlege og energieffektive løysingar når dei bygger nytt. Reiarlaget Lie Gruppen i Hordaland, har nyleg kontrahert ein hybrid snurpar som vekslar mellom LNG og straum.

- For oss er det viktig å vere i forkant når det gjeld å ta i bruk miljøteknologi. Ved å ta i bruk LNG med elektrisitet, tar vi eit langt steg i retning av å redusere klimagassutsleppa. NOx-utsleppa blir redusert med 90 prosent og CO2-utsleppa med 20 prosent, seier dagleg leiar i Liegruppen fiskeri, Ole Christer Lie.

Offensive reiarar
Miljøutfordringane er også hovudtema når Fiskebåt – havfiskeflåtens organisasjon held årsmøte 14. og 15. februar.

- For Fiskebåt er det viktig å vere offensive, når det gjeld å ta i bruk ny teknologi for å redusere utsleppa av klimagassar. Alle som bygger nytt, prøver å finne løysingar som gjer at forbruket av drivstoff blir så lavt som mogleg. For oss er dette eit prioritert område, og vi er difor glade for at klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) vil halde hovudinnlegget på årsmøtet vårt, seier Audun Maråk, dagleg leiar i Fiskebåt.

Fiskebåt jobbar for at fleire reiarar skal ta i bruk nye og meir energieffektive løysingar. Dette arbeidet skjer mellom anna gjennom partnerskapsprogramet Grønt Kystfartsprogram, som blir administrert av DNV GL.

----------------------------------------------------

Kontakt for meir informasjon;

Kjell-Gunnar Hoddevik     Ole Christer Lie                              

Atlantic Longline                  Liegruppen fiskeri                       

Tlf. +47 959 41 051             Tlf. +47 95 17 76 97                        
e-post: kjell@atlanticseafish.no    epost: ole.christer@liegruppen.no

Audun Maråk/Fiskebåt
Tlf. +47 900 77 470
e-post: audun@fiskebat.no

Bildetekst:

1. Grafikk av båten

2. Stolte eigarar: Eigarane gler seg til å ta i bruk den nye fiskebåten. Fv. Reiar og skipper i Atlantic Longline AS Kjell-Gunnar Hoddevik, designar ved Skipsteknisk Kjetil Nyvoll og chief og reier i Atlantic Jonny Årvik. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

Fakta om Atlantic:
- Fartøyet er 62,80 meter lang og 14,0 meter brei.
- Er utstyrt for å fiske både med line og snurrevad.
- Har hybrid framdriftssystem som kombinerer diesel og elektrisitet.
- Blir bygd ved verftet Tersan i Tyrkia.
- Planlagt levering er i oktober 2019.
- Skipet er designa ved Skipsteknisk i Ålesund.

Fakta om Libas
- Fartøyet er 86 meter lang og 17,80 meter brei.
- Er utstyrt som snurpar og for både singel- og dobbeltrål
- Har hybrid framdriftssystem som kombinerer LNG og elektrisitet.
- Har ein 350 cum LNG tank.
- Blir bygd ved Cemre i Tyrkia.
- Skipet er designa av Salt Ship Design på Stord.

Program for årsmøtet følgjer vedlagt.

Bilder

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye