Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Fire løyve og to avslag til små vannkraftverk i Voss

Del
NVE gjev løyve til Kleivelvi, Storagroe, Tverrelvi og Bjørndalen kraftverk i Voss kommune. Søknadane om Urdlandselvi og Togrovi kraftverk får avslag.

Dei fire kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 31,6 GWh i eit medels år. Det svarar til straumbruken til om lag 1580 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 16 GWh/år.

Naturens mangfald, landskap og tilhøvet til vassdragsvernet i Vossovassdraget har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei to kraftverka som har fått avslag.

Søkjar

Kraftverk

Produksjon (GWh/år)

Småkraft AS

Urdlandselvi

Avslag

Mjølfjell Ungdomsherberge AS

Kleivelvi

4,0

Voss Energi AS

Storagroe

8,5

NGK Utbygging AS

Tverrelvi

12,9

NGK Utbygging AS

Bjørndalen

6,2

NGK Utbygging AS

Togrovi

Avslag

Les meir om kvart kraftverk:

Urdlandselvi kraftverk

Kleivelvi kraftverk

Storagroe kraftverk

Tverrelvi kraftverk

Bjørndalen kraftverk

Togrovi kraftverk

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt                                                 tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Helén Natalie Liebig-Andersen                     tlf.: 22 95 98 95

Sakshandsamar Tonje Aars Grønbech                                               tlf.: 22 95 92 06

Sakshandsamar Steinar Pettersen                                           tlf.: 22 95 94 03

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye