Innovasjon Norge

Finaleheat med opera, biovarme og jordbærøl

18.12.2015 10:00 | Innovasjon Norge

Del

Fylkesvinnarane er kåra og no er finalistane klare. Om ein månad får vi vite kven som mottek den nasjonale Bygdeutviklingsprisen 2015.

Folvell Gård eies og drives av Elin og Martin Skovseth. Her med barna Andrea og August. Foto: Privat
Folvell Gård eies og drives av Elin og Martin Skovseth. Her med barna Andrea og August. Foto: Privat

Dei nominerte er Tor Oxhovd Svalesen med Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS i Oppland, Åmot Operagard Sørli i Sogn og Fjordane og Folvell gård i Akershus.

- Det er tre spennande kandidatar i finalen i år, og kvar av dei representerer ulike gründerverksemder og gardsrelaterte næringar. Det skjer utruleg mykje interessant utvikling knytta til landbruket og bygdene kring dei, og det er ei takksam oppgåve å skulle velje mellom så dyktige kandidatar, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge.

Saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale delar ho ut prisen til vinnaren under landbruks- og matmessa Internationale Grüne Woche i Berlin 14. januar.

Bygdenes og landbrukets ressursar

Innovasjon Norge deler ut Bygdeutviklingsprisen kvart år. Fylkesvinnarane har kvar motteke 50.000 kroner, og vinnaren av den nasjonale prisen vil i tillegg reise heim frå Berlin 250.000 kroner rikare.

- Det vi ynskjer med Bygdeutviklingsprisen er å heidre bedrifter eller personar som driv næringsverksemd med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Vi ser spesielt etter økonomisk lønsemd, originalitet, sysselsetting, samt sosial- og miljømessig berekraft, fortel Krohn Traaseth.

Dette er dei tre finalistane:

Åmot Operagard Sørli

I Vestlandsbygda Bygstad ligg eit originalt og nyskapande konsept, der garden er arena for produksjon av kultur-opplevingar innanfor opera/teater og konsertar, selskap, bryllaup, møter og overnatting ,og med gardskjøkken og restaurant med unike matopplevingar. Gardsmiljøet inneheld sveitservilla, låve, snekkarverkstad, smie og eldhus, med lokale råvarer frå sjø og land i restauranten og overnatting i det restaurerte våningshuset frå 1890. Hotellet er og ein del av samanslutninga De Historiske hotel & spisesteder.

Eigarane Steinar Sørli og Yngve Brakstad er ressurspersonar i norsk reiseliv, som tenkjer nytt og utradisjonelt. Dei har fått i stand eit utstrakt lokalt, regionalt og nasjonalt samarbeid, som også bidreg til etablering av internasjonale nettverk. I tillegg frontar dei no utvikling av ei regional kultur- og matklynge.  Samarbeidet med operatøren Travel Designer har skaffa kundar frå «High End»-segmentet frå blant anna  USA. Dei har og hausta heiderleg omtale i britiske Financial Times.

Åmot Operagard har fått stor merksemd for unikt reiselivsprodukt, og er frå før tildelt: Kultur- og næringsprisen 2011 frå Arts & Business Norge, Olavsrosa frå Norsk Kulturarv 2010, Gaular kommune sin kulturpris 2012,  Årets Reiselivsperle 2012 og kvalitetsmerket De Historiske frå De Historiske hotel & spisesteder 2014.

Tor Oxhovd Svalesen

Sivilingeniør Tor Oxhovd Svalensen er ein aktiv medeigar og viktig pådrivar for fleire selskap i Valdres, og for Bygdeutviklingsprisen 2015 i Oppland er det særleg Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS som har blitt tillagt mest vekt. 

Stølslie Biovarme AS leverer varme og varmt vatn basert på bioenergi til næringsbygg, bustader og fritidsbustader på Beitostølen, medan Valdres Biovarme AS har konsesjon på å levere varme i Fagernes sentrum. No har entreprenøren starta planlegging av neste generasjon fjernvarme på Beitostølen. Det er også etablert flisterminal og lager på heimgarden. Virket er frå eigen skog og lokale skogeigarar, samt frå avtalar med Statens Vegvesen om rydding. Oxhovd Svalensen har lagt vekt på å reinvestere gevinstar frå eigedomsutvikling i lokal verdiskaping, som har gitt betydelege ringverknader lokalt i Valdres. 

Oxhovd Svalensen er vidare eineaksjonær i eigedomsutviklingsselskapet Oxhovd AS  og investeringsselskapet Torfinnstindadn AS, og eig 50 % av aksjane i Beitostølen Fiber AS, som  tilbyr fiber og kabel-tv i fjernvarmetrasear.

Folvell gård

På Årnes i Akershus driv ekteparet Elin og Martin Skovseth allsidig drift med gris på konsesjonsgrensa, såkorndyrking, jordbær, grovfòrproduksjon, skogbruk og leigekøyring.

Skovseth-paret tek sjølv hand om heile verdikjeda for jordbær; to salsboder på Årnes, direktesal frå garden og sjølvplukk der 6-700 personar er innom like mykje for opplevinga som for bæra. I sesong med jordbæra haustar dei tidlegpotet, og dei deltek i matfestivalen Brød og sirkus på Årnes. Den kinesiske ambassaden har dei siste åra lagt sommarutflukta si til Folvell.

Det siste året har dei nytta jordbær i ølproduksjon i samarbeid med Sundbytunet, ei konferanse- og serveringsverksemd med eige bryggeri på Jessheim. Ølet er mottatt med stor interesse, og det har vore lagt vekt på gode lokale namn på ølsortane; jordbær-ølet Pløgsle, juleølet Åkkle og påskeølet Skara.  

Folvell gård har lagt om til miljøvennleg bioenergi med råstoff frå eigen skog, og planlegg ny driftsbygning med produksjonslokale, gardsbutikk, kjølerom og fryserom til jordbær.


Kontaktpersonar:

Åmot Operagard
Steinar Sørli      
steinar@operagarden.no          
971 60 704

Folvell gård                      
Martin Skovseth
mskovse@online.no    
909 99 951

Tor Oxhovd Svalesen   
Tor Oxhovd Svalesen                   
tor@stolslie.no                               
901 70 747

Innovasjon Norge
Kjell Bruvoll        
kjell.bruvoll@innovasjonnorg.no                            
958 58 629

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Folvell Gård eies og drives av Elin og Martin Skovseth. Her med barna Andrea og August. Foto: Privat
Folvell Gård eies og drives av Elin og Martin Skovseth. Her med barna Andrea og August. Foto: Privat
Last ned bilde
Tor Oxhovd Svalesen. Foto: Privat
Tor Oxhovd Svalesen. Foto: Privat
Last ned bilde
Vertskapet på Åmot Operagård er f.v. Steinar Sørli og Yngve Brakstad. Fotocredit: Dagrun Reiakvam/DeHistoriske
Vertskapet på Åmot Operagård er f.v. Steinar Sørli og Yngve Brakstad. Fotocredit: Dagrun Reiakvam/DeHistoriske
Last ned bilde

Lenker

Om Innovasjon Norge

Innovasjon Norge
Innovasjon Norge
Akersgata 13
0158 OSLO

22 00 25 00http://www.innovasjonnorge.no

Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, utvikling i distriktene og utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter. Innovasjon Norge profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål.

Følg saker fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom