Mattilsynet

Fann manglar ved 6 av 10 produsentar av spiseferdig sjømat

Del

I ein kontroll av 85 produsentar som lagar sjømat som ikkje skal varmebehandlast før forbrukaren et den – slik som til dømes røykt fisk, fisk til sushi og kokt skaldyr - fann Mattilsynet manglar hos 6 av 10 verksemder.

Kontroll av produsentar av spiseklar sjømat viser at mange må betre den hygieniske kontrollen.
Kontroll av produsentar av spiseklar sjømat viser at mange må betre den hygieniske kontrollen.

– Sjølv om ikkje alle manglande var like alvorlige, er det urovekkande at enkelte hadde grunnleggande hygieniske manglar, seier  seniorrådgjevar Åsne Sangolt, som leia tilsynskampanjen.

Det er spesielt strenge krav til hygienen ved produksjon av spiseferdig varer sidan bakterien Listeria er ein risiko i slike produkt. Verksemdene må difor ha gode rutinar for å hindre at bakterien er til stades og kan vekse i produkta, og dei må overvake og kontrollere at Listeria ikkje er i lokale og utstyr.


- For å stadfeste at tiltaka fungerer skal dei òg ta regelmessige prøver av de ferdige varene, fortel Sangolt.

I tillegg til Listeria-rutinar, kontrollerte Mattilsynet at fisk som skal etast rå var fryst for å drepa eventuell kveis, at dei hadde kontrollrutinar for å sikre at fisken ikkje inneheldt levande kveis. Mattilsynet kontrollerte òg at produsentane hadde eit internkontrollsystem som viser at dei har kontroll med farar i produkta.

Av dei 85 som vart kontrollert var alt i orden hos 28 verksemder, 6 hadde mindre manglar der det var påpeikt plikt, medan hos 51 vart det funne manglar som enda med varsel eller vedtak.


- Ingen verksemder vart stengd eller gitt omsetjingsforbod grunna mogleg helsefare, fortel Åsne Sangolt.

Ikkje god nok kontroll på farar

Dei manglane som gjekk mest igjen var knytt til listeriaprøvetaking og internkontroll.


- Ein tredel av dei vi fann manglar hos har for dårlege prøverutinar, og 36 verksemder oppfylte ikkje krava til internkontroll, opplyser Sangolt.

Nokre produsentar hadde dårlege vedlikehaldsrutinar, fare for kryssforureining, dårleg reinhald. Det vart avdekka få manglar når det gjaldt parasittkontroll. Alle Mattilsynet fann manglar hos er følgd opp.

Positiv utvikling, men framleis må nokre betre seg

Sjølv om Mattilsynet avdekka manglar, ser vi ei positiv utvikling. I eit tilsvarande tilsynsprosjekt i 2013 fekk 8 av 10 varsel eller vedtak.


- Også denne gongen var dei fleste manglane knytt til prøvetaking. Difor er det litt skuffande at resultata no ikkje var betre. Vi kjem til å fylgje dette opp i tilsynet framover, avsluttar seniorrådgjevar Åsne Sangolt i Mattilsynet.

Fakta Listeria i sjømat:

  • Listeria monocytogenes kan forårsake den alvorlege sjukdommen Listeriose. Personar med nedsett immunforsvar, i hovudsak gravide, fostre, nyfødde, eldre og personar med underliggande sjukdommar, er spesielt utsett.
  • Personar med nedsett immunforsvar bør ikkje ete rakfisk. Grava og røykt fisk bør etas godt innanfor haldbarheitstida. Dette fordi slike langtidshaldbare, spiseferdig matvarer er risikoprodukt når det gjeld Listeria.
  • Ei undersøking i 2014 viste Listeria monocytogenes i 8,3 % av prøvane av spiseferdige fiskeprodukt. Bakteriemengda var i dei aller fleste tilfelle i så låge mengder at dei ikkje representerte ein helserisiko.
  • Sidan ein kan påvise Listeria relativt ofte i fiskeprodukt, er det i tillegg til å ha gode førebyggande tiltak, viktig å ha god kontroll med lagringstemperatur i alle ledd for å hindre bakterievekst. I tillegg skal verksemdene fastsette haldbarheitstida for produkta slik at dei er trygge å ete gjennom heile haldbarheitstida.
  • Les meir om Listeria på Matportalen

Kontakter

Bilder

Kontroll av produsentar av spiseklar sjømat viser at mange må betre den hygieniske kontrollen.
Kontroll av produsentar av spiseklar sjømat viser at mange må betre den hygieniske kontrollen.
Last ned bilde

Lenker

Om Mattilsynet

Mattilsynet
Mattilsynet
Felles postmottak - postboks 383
2381 Brumunddal

22 40 00 00http://www.mattilsynet.no

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Vi skal fremje folke-, plante- , fiske- og dyrehelse, miljøvennleg produksjon og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har også oppgåver i høve til kosmetikk og legemiddel og fører tilsyn med dyrehelsepersonell.

Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings-og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Følg saker fra Mattilsynet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Mattilsynet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Mattilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom