Samferdselsdepartementet

Enklare førarkortreglar for utanlandske arbeidarar

Del
– Regjeringa er opptatt av å gjere reglane enklare på mange område. Vi vil no gjere det enklare å bruke førarkort frå land utanfor EØS for personar som arbeider mellombels i Noreg. Dette vil gjere det enklare både for verksemder som treng slik arbeidskraft og for dei som gjer slikt arbeide, samstundes som vi tek i vare trafikktryggleiken, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Han har no bede Vegdirektoratet om å utvide perioden førarkort frå land utanfor EØS kan bli brukt i Noreg for personar som oppheld seg i Noreg mellombels, frå tre månader til seks månader for dei med arbeidsløyve. Det vil gi betre samanheng til reglane om arbeidsløyve i slike tilfelle, og vil gjere at personar med slikt løyve kan ta arbeid kor ein del av arbeidet krev køyring. Dette vil vere aktuelt mellom anna i sesongnæringar innan turisme.

Vegdirektoratet vil no utarbeide og sende på høyring framlegg om naudsynte endringar i regelverk. Endringar vil kunne vere på plass til sommaren 2019.

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye