Samferdselsdepartementet

Enklare å få førarrett for lett motorsykkel og mopedbil

Del
- Lett motorsykkel er eit godt alternativ for mange som pendlar, og kan bidra til mindre køar, mindre lokal forureining og lågare behov for parkeringsplassar. Regjeringa vil no gjere det enklare å få førarrett for lett motorsykkel for folk som allereie har førarkort for personbil.

Dette seier samferdsleminister Jon Georg Dale i samband med at han har bede Vegdirektoratet om å gjere framlegg om enklare høve til å få førarkort for lett motorsykkel for personar som allereie har førarkort for personbil. To ulike modellar skal høyrast, både modell med noko opplæring og teoretisk og praktisk prøve og modell med om lag 12 timar opplæring, men utan prøve. Trafikktryggleik er høgt prioritert, og opplæringskrava skal særleg ta omsyn til risiko ved køyring med lett motorsykkel.

Det kan og bli enklare å køyre mopedbil. Det skal gjerast framlegg om at aldersgrensa for førarkort for mopedbil blir senka frå 18 til 16 år samstundes som opplæringskrava blir tilpassa den nye aldersgruppa. Dei som har førarkort for traktor skal kunne utvide til mopedbil ved å ta eit tryggleikskurs.

Vegdirektoratet vil no utarbeide detaljane i framlegga som er venta på høyring før jul. Nye reglar vil kunne vere på plass til motorsykkelsesongen neste vår.

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye