Samferdselsdepartementet

Enklare å få førarkort for lett motorsykkel og mopedbil

Del
- Lett motorsykkel er eit godt alternativ for mange som pendlar, og kan bidra til mindre køar, mindre lokal forureining og lågare behov for parkeringsplassar. Regjeringa vil no gjere det enklare å få førarrett for lett motorsykkel for folk som allereie har førarkort for personbil.

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at Vegdirektoratet sender på høyring eit framlegg som gjer det enklare å få førarkort for lett motorsykkel for personar som allereie har førarkort for personbil.

Det kan også bli enklare å køyre mopedbil. Det er gjort framlegg om at aldersgrensa for førarkort for mopedbil blir senka frå 18 til 16 år samstundes som opplæringskrava blir tilpassa den nye aldersgruppa. Dei som har førarkort for traktor skal kunne utvide til mopedbil ved å ta eit tryggleikskurs.

- Mopedbilar er eit svært godt alternativ til tohjulsmoped, og mopedbilar gjer at 16-åringar kan opparbeida seg kompetanse som kjem godt med når dei seinare skal ta førarkort for vanleg bil, seier samferdselsministeren.

Også utanlandske arbeidarar som treng førarkort  ved mellombels arbeid i Noreg kan få det enklare. Det er gjort framlegg om å utvide perioden førarkort frå land utanfor EØS kan bli brukt i Noreg for personar som oppheld seg i Noreg mellombels, frå tre månader til seks månader for dei med arbeidsløyve.

Høyringsfristen er 20 februar 2019.

Les meir om høyringa hos Vegdirektoratet

Nøkkelord

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye