Endringar i statsbudsjettet for 2017: Meir til Posten og driftskreditt til Bane NOR – eit nytt steg framover i jernbanereforma
Regjeringa har i dag lagt fram forslag til endringar i statsbudsjettet for 2017. Eit av forslaga er å løyve 500 millionar kroner til ei driftskredittordning for Bane NOR SF.
Bane NOR har ei omfattande verksemd, og tidsforskyvingar mellom ut- og innbetalingar kan gi variasjonar i likviditeten. Ordninga med driftskreditt bidreg til å gi føretaket meir føreseielege og stabile rammevilkår, og gir Bane NOR betre føresetnadar til å drive si samla verksemd effektivt. Ordninga gir òg Bane NOR rask og fleksibel tilgang til ekstra midlar i ekstraordinære situasjonar, som til dømes ved ulykker og naturkatastrofar.
- Med ei driftskredittordning legg vi til rette for at Bane NOR kan drive effektivt utan at likviditeten hindrar akutte eller rasjonelle tiltak, til dømes i ekstraordinære situasjonar som ved flaum eller ras, seier samferdselsministeren.
216 millionar kroner tilbake frå vedlikehald til investeringar i jernbanen
I 2016 hadde fleire investeringsprosjekt på jernbanen lågare framdrift enn føresett. Budsjettmiddel som var sett av til desse arbeida blei i staden nytta til å påskunde viktige tiltak innan fornying. For mellom anna å dekke inn utgiftene til den forserte fornyinga, blei det i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2016 omdisponert 592 millionar kroner frå investeringar i linja til drift og vedlikehald. Av dette skulle 475 millionar krone dekke utgiftene til den forserte fornyinga.
Dei forseinka investeringane frå 2016 blir i staden gjennomførte i år og i kommande år. I 2017 blir det nytta 216 millionar kroner til desse arbeida. Dette er grunnen til at regjeringa no i nysalderinga av 2017-budsjettet foreslår å omprioritere tilbake 216 millionar kroner frå vedlikehald til investeringar.
180 millionar kroner meir til Posten
Talet på brev som blir sendt i Noreg er meir enn halvert sidan år 2000. Samstundes har etterspurnaden etter A-post falle dramatisk. Stortinget har derfor bestemt at Posten kan legge om til éin felles brevstrøm frå 2018. Posten må likevel oppretthalde A-post ut 2017.
- Nye berekningar viser at Posten vil ha meirkostnadar knytt til denne plikta estimert til 180 millionar kroner i 2017. Regjeringa foreslår derfor å løyve 180 millionar kroner til Posten for plikta til å oppretthalde to brevstrømmer i 2017, seier Solvik-Olsen.
3,15 millionar kroner meir til Statens havarikommisjon for transport – i samband med helikopterulykka på Svalbard
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Statens havarikommisjon for transport med 3,15 millionar kroner for å dekke utgifter i samband med helikopterulykka nordaust for Kapp Heer ved Barentsburg på Svalbard 26. oktober 2017. Utgiftene til å berge helikopteret opp frå djupt vann i arktisk strøk er høgare enn det Havarikommisjonen har igjen i budsjettet for 2017.
- Statens havarikommisjon for transport gjer eit viktig arbeid med å undersøke ulykker og hendingar på transportområdet. Å finne årsaker til ulykker er avgjerande for å kunne unngå liknande ulykker i framtida. Det er også viktig for dei pårørande at årsaka til ulykka blir funne, seier Solvik-Olsen.
Prop. 13 S (2017-2018) Endringar i statsbudsjettet 2017 under Samferdselsdepartementet
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noLenker
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Fem forskningsprosjekter får penger fra Samferdselsdepartementet17.4.2024 12:10:41 CEST | Pressemelding
Av-ising av nullutslippfly og datadrevet salting av vei er to av teknologiprosjektene som nå får penger fra Samferdselsdepartementet. Det er Forskningsrådet som har utpekt de fem prosjektene, som får 40 millioner kroner.
Regjeringen med penger til Bodø og Ålesund16.4.2024 11:11:48 CEST | Pressemelding
– Regjeringen har satt av i 31 millioner kroner til mindre byer utenfor ordningen med byvekstavtaler. Dette er et løft for at Bodø og Ålesund skal bli grønnere byer med bedre fremkommelighet, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2: Eit steg nærare ny tunnel5.4.2024 12:00:16 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus.
Rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane: Eit viktig steg nærare realisering av tunnel i skredutsett område5.4.2024 11:59:27 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane.
Regjeringa legg fram proposisjon om delvis bompengefinansiering22.3.2024 14:04:38 CET | Pressemelding
- Denne bypakka skal realisere ny Risøy bru, fleire veg- og gateprosjekt, ei rekke gang- og sykkelvegar, saman med både tiltak for betre kollektivtilbod og trafikksikring. Vi legg opp til at minst halvparten av pengane i pakka skal gå til gonge, sykkel og kollektiv, som er i tråd med regjeringa sitt ønske om attraktive og klimavennlege byar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom