Medietilsynet

Ekspertgruppe skal bidra til ein tryggare digital barndom

Del

Medietilsynet har samla ekspertar på området barn og medium for å sikre gode tiltak som kan tryggje barn og unge på nett. Tilsynet har rolla som nasjonal koordinator i eit stort europeisk prosjekt kor målet er å gi barn og unge ein trygg og positiv digital kvardag.

Denne gjengen skal bidra med å gi råd og innspel til EU-prosjektet «Safer Internet» som Medietilsynet leier. Følgjande organisasjonar er med i gruppa: Barneombodet, Datatilsynet, Forbrukertilsynet, Kors på halsen, Kripos, Institutt for medium og kommunikasjon ved UIO, ungdomsrepresentant og Utdanningsdirektoratet. Foto Medietilsynet

Prosjektet som Medietilsynet koordinerer er ein del av EU sin «Safer Internet»-program Connecting Europe Facility (CEF). Målet er å sikre at barn og unge får ta del i det digitale livet på ein trygg måte, og bidra til at dei har tilstrekkeleg kritisk medieforståing i utforskinga si av livet på nett og i sosiale medium.

– Vi har jobba med barn og digitale medium sidan det fyrste EU-prosjektet starta opp i 2002, og har lang erfaring med å skaffe innsikt om barn og unge sitt digitale liv, samt utvikle råd og tiltak som kan tryggje barn på nett. For å lukkast med dette arbeidet er vi heilt avhengig av å ha med oss ekspertar med ulik fagbakgrunn som kan gi oss råd. Vi er derfor svært glade for å få på plass ei så fagleg sterk ekspertgruppe, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Dei unge sine stemmer i sentrum

Gruppa skal gi råd og bidra med faglege innspel til tiltak og prioriteringar innanfor prosjektet sine rammer og satsingsområde ut 2020. I løpet av denne perioden skal Medietilsynet blant anna vidareutvikle undervisningsopplegg om kritisk medieforståing, arrangere workshop for ungdom og arrangere Safer Internet Day. Med i ekspertgruppa er også ein ungdomsrepresentant som skal fremje dei unge sine stemmer i arbeidet. – Vi kan ikkje jobbe for å tryggje barn og unge sitt liv utan å ta dei unge med på råd. Vi er derfor veldig glade for å ha med oss ein ungdomsrepresentant i rådet, seier prosjektkoordinator Thomas Haugan-Hepsø.

I kø for å snakke om livet

Raudekrossens' dialogteneste «Kors på Halsen» er med i ekspertgruppa. Dei får dagleg rundt 100 henvendingar frå barn og unge om alt som opptek dei. – Vi har kø frå vi opnar til vi stengjer, og har rekordstor pågang frå barn og unge som har utfordringar eller berre treng nokon å snakke med. Det digitale er ein integrert del av livet til barn og unge i dag, og vi kan ikkje behandle livet på nett som noko anna enn resten av livet. Det er viktig for oss å ikkje sjå på nettet og sosiale medium som noko åtskilt når vi gir råd eller svarer dei unge på spørsmål, seier Nelli Kongshaug, leier i Kors på Halsen.

Dette er deltakarane i ekspertgruppa

Frå venstre på biletet: Berit Andersen (Medietilsynet), Ragnhild Daae Bekkevoll (Utdanningsdirektoratet), Guro Skåltveit (Datatilsynet), Kjersti Botnan Larsen (Barneombudet), Thomas Haugan-Hepsø (Medietilsynet), Tone Jeanette Gulsvik (Kripos), Elisabeth Staksrud (Institutt for medium og kommunikasjon, Universitetet i Oslo), Dina Tjelmeland Adeler (ungdomsrepresentant),  Nelli Kongshaug (Kors på halsen), og Aline Schøn Papetti (Forbrukertilsynet). 

Om Norwegian Safer Internet Centre:

«Safer Internet»-prosjektet er ein del av EU-programmet Connecting Europa Facility (CEF).

30 europeiske land deltek i programmet som har som mål å gi barn og unge ein trygg og positiv digital kvardag. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Denne gjengen skal bidra med å gi råd og innspel til EU-prosjektet «Safer Internet» som Medietilsynet leier. Følgjande organisasjonar er med i gruppa: Barneombodet, Datatilsynet, Forbrukertilsynet, Kors på halsen, Kripos, Institutt for medium og kommunikasjon ved UIO, ungdomsrepresentant og Utdanningsdirektoratet. Foto Medietilsynet
Denne gjengen skal bidra med å gi råd og innspel til EU-prosjektet «Safer Internet» som Medietilsynet leier. Følgjande organisasjonar er med i gruppa: Barneombodet, Datatilsynet, Forbrukertilsynet, Kors på halsen, Kripos, Institutt for medium og kommunikasjon ved UIO, ungdomsrepresentant og Utdanningsdirektoratet. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg saker fra Medietilsynet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom