Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Eit steg nærare ei nasjonal ramme for vindkraft

Del
NVE har fått i oppdrag av Olje- og energidepartementet (OED) å lage eit forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Vi gjer dette i samarbeid med andre etatar, og skal levere forslaget til OED 31.12.2018.

Den nasjonale ramma skal omfatte:

  • Eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknadar for miljø og samfunn
  • Eit kart med oversyn over dei mest eigna vindkraftområda i Noreg.

Arbeidet med identifisering av dei mest eigna områda foregår i fleire steg. Vi er no ferdige med det første steget, og har publisert eit kart med såkalla «harde eksklusjonar». Dette kartet gir ei oversikt over område der det ikkje er aktuelt å byggje vindkraftverk, og er i hovudsak ei konstatering av kva for område som har for lite vind eller som er formelt verna mot vindkraftutbygging. Kartet gir eit grunnlag for dei neste stega i arbeidet med den nasjonale ramma.

For å sjå kartet kan du gå inn her. Der kan du òg meir informasjon om den nasjonale ramma.

Kontaktpersonar
Prosjektleiar Erlend Bjerkestrand, tlf 91129413
Kommunikasjonsrådgjevar Henrik Enevold, tlf 92409355

 

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye