Nærings- og fiskeridepartementet

Eit budsjett for lønnsame bedrifter og blå arbeidsplassar

Del

Regjeringa satsar på tiltak som skal bidra til fleire lønsame jobbar, og eit grønare og meir berekraftig velferdssamfunn.

I det reviderte budsjettet for 2018 prioriterer regjeringa lågare skattar og tiltak som skal bidra til eit grønare og meir berekraftig velferdssamfunn.

Norsk økonomi har reist seg etter tilbakeslaget og er no prega av vekst.

– Vår felles velferd er bygd på arbeid. Så mange som mogeleg må delta i arbeidslivet om vi skal sikre et berekraftig velferdssamfunn. Bedrifter i heile landet er prega av optimisme og investeringsvilje og tilset fleire, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Situasjonen i arbeidsmarknaden er betre. Sysselsettinga aukar, og den registrerte ledigheita er no under gjennomsnittet for dei siste 20 åra.

 Lågare krone og lågare skattar har styrka bedriftane si konkurranseevne. Gode rammevilkår og eit godt skattesystem stimulerer til bedriftsetableringar, arbeidsplassar og norsk privat eigarskap.

 – Vi ønsker å leggje til rette for fleire blå jobbar. Havnæringane skaper jobbar og aktivitet i heile landet, seier fiskeriminister Per Sandberg.

 Dei viktigaste sakane frå revidert budsjett på Nærings- og fiskeridepartementets felt:

  • Regjeringa foreslår å styrke satsinga på profilering av norske grøne og berekraftige løysingar med ytterlegare 10 millionar kroner. Bevilgninga skal gå til Innovasjon Noregs arbeid med næringslivet for å utvikle ei heilskapleg satsing for å synleggjere norske grøne og berekraftige løysingar for økt eksport.
  • Regjeringa foreslår å bevilge midlar til eit ansvarlig lån til Andøya Space Center på 20 millionar kroner. Pengane skal brukast til å finne ut om det er mogleg å skyte opp småsatellittar frå Andøya
  • Regjeringa foreslår å auke bevilgninga og endre innretninga på det nye såkornfondet slek at fondet kan opprettas raskt og effektivtt. Fondet blir no på minst 300 millionar kroner og kan benytte eksisterande godkjenning i ESA. Dei som forvaltar fondet kan framleis peike på kva område fondet skal investera i, som til dømes IKT-næringa.
  • Regjeringa foreslår å auke ramma for byggelånsgarantiordninga til 7 milliardar kroner. Auka ramme gjev verfta utvida moglegheiter til finansiering av nye skip. Formålet med garantiordninga er å sikre at norske skipsverft, offshoreverkstader og anna relevant verksemd oppnår byggelån gjennom risikoavlastning for private banker. På den måten skal ordninga medverke til auka aktivitet.

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal i offentlig elektronisk postjournal (OEP)

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom