Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ein av tre har fått ny straummålar

Del
875 000 straumkundar har fått ny strømmåler, visar tal NVE tal har henta inn frå nettselskapa. So langt i år er nærare 500 000 nye målarar montert. Nettselskapa ventar at 1,6 millionar av totalt 2,9 millionar straumkundar, vil ha fått ny målar innan utgangen av året.

- Dei nye smarte målarane gjer at nettselskap kan investere og drifte straumnettet meir effektivt, slik at straumrekninga vert så liten som muleg. Med dei nye målarane kan straumkundane bruke straum når kostnadane er lågast, og dei får betre oversikt over straumbruken sin, seier vassdrags- og energidirektør Per Sanderud.

Alle får ny målar innan 2019 

Alle straumkundar skal ha ny smart straummålar innan 2019. Nettselskapa sine prognosar for venta tidspunkt for gjennomført installasjon er noko forskyvd i tid, og NVE vil undersøke nærare kva som er årsakene til at framdrifta ikkje er like god som planlagd.

Nettselskapa meldar om at berre litt meir enn ein av hundre installasjonar ikkje er gjennomførd som planlagt. Dei viktigaste grunnane er at folk ikkje er heime, og at det ikkje er plass i sikringsskapet.

- Det er viktig at alle følgjar med på informasjon frå nettselskapa, slik at installasjonen av dei nye målarane kan gå så raskt og greitt som muleg, understrekar Sanderud.

NVE vil be nettselskapa om ny rapportering av framdrift i oktober.

Last NVE-rapport 65 - 2017 Smarte målare (AMS). Status og planar for installasjon per juni 2017".

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Guro Grøtterud, tlf 45632677

Seniorrådgjevar Arne Venjum, tlf 22959258

Lenker

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye