Samferdselsdepartementet

Dreiing av luftfartsavgiftene for å styrke konkurransekrafta til norsk luftfart

Del

– Eg er opptatt av å styrke den allmenne konkurransekrafta til norsk luftfart og betre lønsemda for kommersielle flyruter i distrikta. Difor vil eg foreslå å endre dei avgiftene flyselskapa betaler for tenester frå Avinor, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

– Samanlikna med mange andre land i Europa lar vi flyplassane i Noreg bere ein større del av kostnadane knytt til flysikringstenestene, særleg dei såkalla innflygingstenestene. Eg vil foreslå å flytte nokre av desse kostnadane, slik at dei flya som berre flyg gjennom det norske luftrommet må dekke ein del som er meir lik det dei møter i andre land. Det vil styrke norsk luftfart, seier Dale.

- Med dette er vi i gang med gjennomføring av Jeløya-plattforma sin ambisjon om å restrukturere luftfartsavgiftene for å sikre auka konkurransekraft.

Samferdselsdepartementet vil sende forslaga til endring av avgiftene på høyring i løpet av januar.

Departementet vil også foreslå avgiftsendringar som styrker grunnlaget for dei kommersielle distriktsrutene.

– Eg vil foreslå å innføre fritak frå plikta til å betale for inntil 6 tonn av den vektbaserte startavgifta. Dette vil styrke konkurransekrafta til dei lettare flya som operere dagens distriktsruter. Dette forslaget vil styrke grunnlaget for kommersielle flygingar i distrikta, seier Dale.

I høyringsforslaget vil Samferdselsdepartementet høyre eit alternativ med fritak for 3 tonn og eit forslag med fritak for 6 tonn. Fritak frå startavgifta tek departementet sikte på å innføre så raskt som råd. Flytting av flysikringskostnadene er mest naturleg å gjennomføre frå 1. januar 2020 – då tredje referanseperiode av det felleseuropeiske systemet for effektivisering av flysikringstenestene trer i kraft.

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

78,5 millionar kroner til meir sykling og gåing på fylkeskommunale og kommunale vegar i 20197.1.2019 12:02Pressemelding

- Vi ønsker å legge til rette for at fleire tar beina fatt eller syklar når dei har høve til det. Da skaper vi betre mobilitet og miljø, i tillegg til betring av folkehelsa. Regjeringa må sørge for at infrastrukturen er på plass slik at fleire synes det er både trygt og attraktivt. For 2019 fordeler vi 78,5 millionar kroner for å støtte opp om tiltak og prosjekt fylkeskommunane og kommunane har ansvaret for, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom