Fri Flyt

Din nye Skikompis

Del

Populær bok om sikkerheit på ski har kome i ny og oppdatert utgåve.

Førsteopplaget av boka Skikompis kom i 2013. Boka var banebrytande i si praktiske tilnærming til tryggare ferdsel i vinterfjellet. Forfattar og tindevegleder Christer Lundberg Nes fekk Fjellskikkprisen av Norges Røde Kors Hjelpekorps for dette arbeidet.

I samarbeid med Fri Flyt forlag har boka no kome ut i ny og oppdatert utgåve. Store deler av boka er ny, og tilpassa moderne ferdsel i vinterfjellet. Boka er mynta på alle som ferdes på ski eller brett utanfor preparerte løyper.

– Fagstoffet og ferdselsrådene  er betre tilpassa de ulike terrengklassene enkelt, utfordrande og komplekst. Boka har nye flytskjema som summer opp og visualiserer vurderingane du skal gjere på tur, og ho har fått heilt nye og fleire illustrasjonar av Joar Christoffersen. Den nye boka har mykje meir om snøomforming, skredproblem, skredvarslinga i Norge og vær og frontsystem, fortel forfattar og tindevegleder Christer Lundberg Nes.

Det som skil skikompisboka frå anna skredlitteratur er at formidlinga tek utgangspunkt i måten en bør ferdes på i ulikt terreng. Ved å ta utgangspunkt i terrenget er det mogleg å gi konkrete og praktiske råd og tips i forhold til utstyr, gruppestørrelse, vurderingar, kjappe testar og kameratredning – som no vert skildra ut i frå tilrådd ferdselsmønster i kvar terrengklasse. Boka fletter også samen skredproblem frå skredvarselet med kjapptestar du bør gjere undervegs. Den praktiske tilnærminga gjer fagstoffet enklare å formidle og lettare å forstå.

– Visjonen med boka er å formidle det vi faktisk gjer, eller bør gjere, når vi er i skredterreng, i staden for å teoretisere om snø og regelbaserte forenklingar. Det føler eg at eg lykkast med. Nye Skikompis spissar og foredlar ferdselsråd og kjapptestar, ikkje berre etter terrenget, men og saman med skredvarselet og nye verktøy som ligg som kartlag i fleire appar og nettsider. Målet er  å formidle praktiske råd og tips til tryggare ferdsel i vinterfjellet, seier Lundberg Nes.

Boka er til sals i bokhandelen og i forlaget sin nettbutikk friflytbestill.no

https://www.friflytbestill.no/boker/toppturboker/skikompis-snøskred-og-trygg-ferdsel

Dersom de vil skrive ein omtale av boka Skikompis kan de ta kontakt med forfattaren eller forlaget.

Nøkkelord

Kontakter

Forfattar

Christer Lundberg Nes

Mobil 47655685

E-post: fagleiar@gmail.com

Redaktør

Erlend Sande

Mobil 90622099

E-post: erlend@friflyt.no

Bilder

Lenker

Om Fri Flyt

Fri Flyt
Fri Flyt
Postboks 4767, Nydalen
0473 Oslo

22 04 46 00http://www.friflyt.no