Kystverket

Den nye kystdirektøren er på plass

Del

Etter ei første veke stappfull av inntrykk og med bratt læringskurve, ser den nye kystdirektøren, Einar Vik Arset, fram til å vere med på å utvikle kysten og havområda våre til verdas sikraste og reinaste.

Kystdirektør Einar Vik Arset
Kystdirektør Einar Vik Arset

Mandag 4. februar hadde Einar Vik Arset sin første dag som øvste leiar i Kystverket.
– Eg er imponert over entusiasmen og kompetansen i Kystverket. Eg ser fram til å lære mykje nytt, og vil bidra så godt eg kan for at å løfte oss vidare, seier Vik Arset.

– Kystverket har eit viktig samfunnsoppdrag, både som forvaltingsaktør og som ein progressiv tenesteytar til brukarane. Samtidig må vi behalde eit sterkt fokus på den operative delen av etaten, med sjøtrafikksentralar, losteneste, utbetring og utvikling av maritim infrastruktur og beredskapen mot akutt forureining, understrekar kystdirektøren.

Han ser også fram til konstruktivt samarbeid med eksterne aktørar, både næringslivet, organisasjonar som Kystrederiene, Rederiforbundet, NHO, hamnene og det offentlege elles.
– Vi er i tett partnarskap med spydspissar innan teknologiutvikling og digitalisering, som det skal bli interessant å utvikle, seier Vik Arset, som har kome rett inn i ein pågåande prosess der Kystverket skal identifisere roller og oppgåver for etaten sitt virke fram mot 2050.

– Det pågår ei rivande utvikling der det er viktig å vere ein aktiv tilretteleggar og premissleverandør. Vi vil involvere oss aktivt rundt verdiskapinga i havrommet, klima og miljø – og her kanskje spesielt marin forureining – og fritidsferdsel på sjøen, for å nemne noko, seier Vik Arset.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Kystdirektør Einar Vik Arset
Kystdirektør Einar Vik Arset
Last ned bilde

Om Kystverket

Kystverket
Kystverket
Sorenskriver Bulls gate 3
6002 Ålesund

07847http://www.kystverket.no

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.

Følg saker fra Kystverket

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Kystverket

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom