Samferdselsdepartementet

Dale på uformelt EU-ministermøte om trafikksikkerheit og miljøvenleg transport

Del

– Samarbeid på tvers av landegrensene er viktig for å styrke trafikksikkerheita og realisere det grøne skiftet i transportsektoren. Dette må vi klare samstundes som vi legg til rette for betre framkome for folk og næringsliv. Noreg ligg heilt i front i arbeidet med trafikksikkerheit, og regjeringa har som ambisjon å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Det austerriske EU-formannskapet er vertskap for det uformelle transport- og miljøministermøte i Graz 29. og 30. oktober. På agendaen står mellom anna lågutsleppsmobilitet og trafikksikkerheit.

Graz-erklæringa vedtatt
Ministrane har vedtatt Graz-erklæringa «Starting a new era: Clean, safe and affordable mobilty for Europe» [lenkje til erklæring]. Erklæringa oppmodar til ei strategisk og heilskapleg tilnærming for å gjere mobiliteten i Europa meir miljøvennleg, meir tilgjengeleg, sikrare og rimelegare for folk og næringsliv.  

Rask introduksjon av nullutsleppskjøretøy og ikkje-fossilt drivstoff er tråd med regjeringas mål. Graz-erklæringa har òg fokus på sikker og inkluderande mobilitet. EU la i mai 2018 fram ei kunngjering om ny trafikksikkerheitsstrategi for perioden 2020 –2030. I kunngjeringa blir null-visjonen og konkrete måltall for hardt skadde omtalt som svært viktig.

- Vi treng auka europeisk merksemd om trafikksikkerheit. Noreg har kome langt i dette arbeidet, og vi deler gjerne våre erfaringar. Introduksjon av tryggare bilar og ny teknologi er viktige drivarar for å gjere ferdselen på vegen tryggare, seier samferdselsministeren.

Les erklæringa her.

Nøkkelord

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Fusk på førarprøva skal gi inntil 1 års karantene16.11.2018 11:54Pressemelding

– Å sørge for betre trafikktryggleik er ein av regjeringas viktigaste oppgåver. Difor må vi hindre at førare som ikkje er kvalifiserte slepp ut i trafikken. No foreslår vi at kandidatar som fuskar til førarprøva skal kunne få inntil 1 års karantenetid før dei kan gå opp til ny prøve. Ei lengre karantenetid for dei som fuskar enn for dei som strykar vil både opplevast som rettferdig, i tillegg til å ha ein avskrekkande effekt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom