Byvekstavtaler - avgrensing av nullvekstmålet
Nullvekstmålet er sentralt i byvekstavtalene og bidreg til at veksten vert teken av kollektiv, sykkel og gange. Det fremmer betre bymiljø, og reduserer kapasitetsutfordringar i infrastrukturen rundt dei store byane.
- Nullvekstmålet er grunnlaget for at staten bidreg med milliardar av kroner til store infrastrukturprosjekt i dei store byområda. Samtidig ser vi at nye kommunar som kjem inn har langt tydelegare distriktspreg. Vi må derfor ha fleksible løysingar slik at ikkje desse distriktsområda, som i praksis ikkje har kollektivtilbod, vert ein stor tapar gjennom byvekstavtalene, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Det er i avtalene stilt krav om nullvekst for persontransport med bil. Avtaleområdet skal følge kommunegrensene. Nullvekstmålet inneber dermed at veksten i persontransport i avtaleområdet sett under eitt skal skje med kollektivtransport, sykkel og gange. Reisevaneundersøkinga og konkrete teljepunkt skal brukast til å følgje opp korleis måla vert nådd.
Utviklinga kan likevel vere ulik i randsonen og i bykjernen. Det er også opna for å invitere fleire kommunar inn i reforhandlingane. Både i Bergensområdet, Trondheimsområdet og i Oslo og Akershus er det no nye omegnskommunar med i forhandlingane. For Nord-Jæren er dagens avtaleområde ført vidare, heiter det i brevet frå Samferdselsdepartementet.
Komande kommunesamanslåingar
- Frå 2020 vil avtaleområdet i fleire byområde bli utvida som følgje av kommunesamanslåingar. Fleire av dei kommunane som frå 2020 vil bli slått saman med kommunar som i dag er parter i byvekstforhandlingane. Byvekstavtalene vil då omfatte kommunar som har viktige regionale sentra, men som også har store område som har liten busetnad. Vi legg derfor til grunn at dagens spreiddbygde randkommunar, som blir ein del av avtaleområda frå 2020, som hovudregel ikkje skal omfattast av nullvekstmålet, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.
I praksis vil dette etter 2020 bety at enkelte av dagens spreiddbygde land-/øykommunar rundt dei største byane ikkje vil vere ein del av området der det skal målast nullvekst. Samferdselsdepartementet legg samtidig til grunn at avtaleområdet skal følge dei kommunegrensene som gjeld til ein kvar tid. Dette inneber at det etter 2020 vil vere forskjell på avtaleområdet og det geografiske området der det skal målast nullvekst.
- Teljepunkt for trafikken bør ikkje plasserast der dei openbert i stor grad vil fange opp lokaltrafikk i område som knyt lokale sentrum eller tettstader saman med område med spreidd busetnad. Slik vert trafikken i lokale sentrum og tettstader fanga opp der det er naturleg og viktig for arealpolitikken, samtidig som område utan realistisk grunnlag for kollektive løysingar vert skjerma i plasseringa av teljepunkt, seier samferdselsminister Dale.
Oslo og Akershus, Bergen, Trondheim og Nord-Jæren
Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til dei neste fem byområda under avtaleforhandlingane.
Ein gjennomgang av korleis nullvekstmålet skal handterast i dei fire største byområda er lagt fram i brevet frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet:
Nøkkelord
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Fem forskningsprosjekter får penger fra Samferdselsdepartementet17.4.2024 12:10:41 CEST | Pressemelding
Av-ising av nullutslippfly og datadrevet salting av vei er to av teknologiprosjektene som nå får penger fra Samferdselsdepartementet. Det er Forskningsrådet som har utpekt de fem prosjektene, som får 40 millioner kroner.
Regjeringen med penger til Bodø og Ålesund16.4.2024 11:11:48 CEST | Pressemelding
– Regjeringen har satt av i 31 millioner kroner til mindre byer utenfor ordningen med byvekstavtaler. Dette er et løft for at Bodø og Ålesund skal bli grønnere byer med bedre fremkommelighet, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2: Eit steg nærare ny tunnel5.4.2024 12:00:16 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus.
Rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane: Eit viktig steg nærare realisering av tunnel i skredutsett område5.4.2024 11:59:27 CEST | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane.
Regjeringa legg fram proposisjon om delvis bompengefinansiering22.3.2024 14:04:38 CET | Pressemelding
- Denne bypakka skal realisere ny Risøy bru, fleire veg- og gateprosjekt, ei rekke gang- og sykkelvegar, saman med både tiltak for betre kollektivtilbod og trafikksikring. Vi legg opp til at minst halvparten av pengane i pakka skal gå til gonge, sykkel og kollektiv, som er i tråd med regjeringa sitt ønske om attraktive og klimavennlege byar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom