Fiskebåt

Britiske stjernekokkar med Ramoen på tur

Del
Mandag fekk ti britiske stjernekokkar vere med trålaren Ramoen frå Vartdal på tur. Kokkane som konkkurerer om den prestisjetunge Fish and Chips Awards-prisen, er i Norge for å lære meir om norsk fiskeri.

Dei to siste åra har vinnaren av den prestisjetunge prisen vore frå restaurantar som svergar til norsk sjømat på menyen.

- Den britiske marknaden er stor og viktig for oss, og etterspurnaden etter norske filetar er aukande. Difor er det viktig at kokkane får eit godt innblikk i korleis fisket foregår om bord på norske fiskebåtar, seier Katrine Florvaag, som er salssjef i Ramoen AS.

Hjørundfjorden
Mandag gjekk turen innover Hjørundfjorden med medbrakt fisk og ein demonstrasjon av korleis trålen fungerer. Det er nemleg ikkje lovleg å drive trålfiske i fjordane. Dei britiske kokkane fekk likevel eit godt inntrykk av heile prosessen om bord.

- Vanlegvis er Ramoen på fiske i Barentshavet i fleire veker i strekk, så det ville vere litt vanskeleg å organisere ein ordinær tur med så mange. Difor gjer vi det på denne måten, og det virkar som dei har fått godt utbytte av turen, seier Florvaag.

Rullerar
Ramoen og dei andre norske fiskebåtane som leverer fisk til Storbritannia samarbeider om dette besøket. Kvart år får dei ti finalistane i Fish and Chips-konkurransen kome til Norge og får vere med ein moderne fiskebåt.

- Dette er ein flott måte å få vist fram den norske fiskeflåten, som er moderne og leiande i verda på miljøteknologi. I tillegg er norske fiskarar opptatt av å utnytte fiskeressursane på ein berekraftig måte, slik at også framtidige generasjonar skal kunne leve av dette. Britane er svært opptatt av miljø og det virkar som dei er imponert over det dei har sett frå ein moderne trålar, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i organisasjonen Fiskebåt, som organiserer den havgåande fiskeflåten.

Trålaren Ramoen er heimehøyrande på Vartdal og blei levert i oktober 2016. Den er den 6. i rekka som har namnet Ramoen.

Sjå eiga pressemelding for meir overordna statistikkar og tal.

----------------------------------------------------

Kontakt for meir informasjon;

Odd Kristian DahleKatrine Florvaag
Info.leder i Fiskebåt                  
                                                           Salssjef i RamoenAS 
Tlf. +47 906 15 658                                                                              Tlf. +47 908 77 240
e-post: odd-kristian@fiskebat.no                                                           e-post:katrine@ramoen.no

 

1. Katrine Florvaag (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt)

2. Dei 10 finalistane sette stor pris på både naturen og det dei fekk sjå om bord i båten. Her tar dei selfie med Slogen som bakgrunn ( Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

Kontakter

Bilder

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye