Nærings- og fiskeridepartementet

Betre tilsyn med daglegvaremarknaden

Del

Regjeringa vil auke løyvingane til Konkurransetilsynet med 6,5 millionar kroner.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen hos Kiwi Hovinveien i Oslo med  butikksjef Katrine Madsen.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen hos Kiwi Hovinveien i Oslo med butikksjef Katrine Madsen.


I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å styrke Konkurransetilsynet med 6,5 millionar kroner. Dette skal bidra til at tilsynet kan etterforske fleire saker og følgje enda nøyare med på daglegvarebransjen.

- Styrkinga av Konkurransetilsynet gjer at dei kan senke terskelen for kva for saker dei etterforskar, og dei kan drive meir omfattande marknadsovervaking, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Konkurransen i daglegvaremarknaden er utfordrande, med konsentrerte marknader i alle ledd. Det er òg vanskeleg for nye aktørar å etablere seg.

- Effektiv konkurranse i daglegvaremarknaden er avgjerande for at norske forbrukarar skal få matvarer av høg kvalitet til lågast mogleg pris, seier Røe Isaksen.

Konkurransetilsynet vil bruke pengane til å tilsette 6-7 nye årsverk som skal jobbe direkte med daglegvaremarknaden. Tilsynet vil dermed bli meir synleg og ha tettare kontakt med daglegvarekjedene og leverandørane.

Regjeringa vil i tillegg skrive ei stortingsmelding om konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden. Meldinga vil leggjast fram våren 2020, og gi ei omfattande vurdering av ulike tiltak for å betre konkurransen i marknaden.

- Min ambisjon er at ein minst ti år lang diskusjon skal få eit endelig punktum. Vi må ha ei solid analyse i botn for å kunne sjå alt i samanheng og for i størst muleg grad verte samde om politikken, seier Røe Isaksen.

Styrkjer klagenemnder

For å få raskare saksbehandling foreslår regjeringa å auke løyvingane til Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) og Konkurranseklagenemnda.

- Nemndene våre skal fungere effektivt. For å oppretthalde tillit er det heilt sentralt at dei behandlar saker raskt, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Tida KOFA nå bruker på saksbehandling er for lang. Regjeringa foreslår derfor å auke KOFA sitt budsjett med 1 million kroner.

I 2019 har KKN fått ei spesielt stor klagesak som tek mykje av ressursane. Regjeringa foreslår derfor å auke KKN sitt budsjett med 5,8 millionar kroner, slik at aktiviteten i nemnda kan halde fram i 2019.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen hos Kiwi Hovinveien i Oslo med  butikksjef Katrine Madsen.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen hos Kiwi Hovinveien i Oslo med butikksjef Katrine Madsen.
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom