Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Betre oversikt over skredfaren i Jølster kommune

Del

Jølster kommune har no fått betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta viser at totalt 10 bygningar ligg innanfor faresona for 100-årsskred, medan 177 bygningar ligg innanfor faresona for 1000-årsskred.

Nye faresonekart frå NVE gjev Jølster kommune bedre oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Foto: NGI
Nye faresonekart frå NVE gjev Jølster kommune bedre oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Foto: NGI

Karta blir overlevert til Jølster kommune den 5. juni 2019.

Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagte områda er Skei, Helgheim, Årdal, Bjørset, Svidal-Ålhus, Løsetslåtten, Vassenden, Kjelsnes, Hammar, Årnes, Sanddal, Sandalsstrand, Myklebust, Dvergsdalen, Sægrov-Dvergsdal, Sygnesand, Førde, Stardalen vest og Stardalen aust.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for lokal skredberedskap, seier regionsjef Brigt Samdal.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Lenke til rapporten:http://publikasjoner.nve.no/eksternrapport/2019/eksternrapport2019_45.pdf

Lenke til faresonekart: https://temakart.nve.no/link/?p=b9966a6a-63a6-8a47-88d6-ec276ffb5a8b

Kontakter

Brigt Samdal, regionsjef, telefon: 907 48 238
Yngve Midtun, overingeniør, telefon: 409 186 78

Bilder

Nye faresonekart frå NVE gjev Jølster kommune bedre oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Foto: NGI
Nye faresonekart frå NVE gjev Jølster kommune bedre oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Foto: NGI
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom